| |
|
|
|
Oversynet blei opphavleg laga for LibreOffice versjon 4.2 til bruk under arbeidet med å omsetje Calc til bokmål og nynorsk. Denne lista er oppdatert etter versjon 24.8.3.2 (og testversjonen 25.8.0.0) av LibreOffice. Dugnadsgjengen som arbeider med LibreOffice er svært aktive, så det kan nok hende at opplysningane på denne sida ikkje stemmer heilt med versjonen du arbeider med. Svært mange av funksjonsnamna som er brukte, blei nokså grundig diskutert på førehand i omsetjarforuma for norsk generelt, dvs. bokmål og nynorsk. Desse foruma finst ikkje lenger (men klanskje trådane gjer det?) og er nå erstatte med l10n-no@lister.huftis.org. I alle fall nynorskomsetjinga følgjer nokså nøye tilrådingane vi kom fram til i diskusjonane. Unnataket er nye namn som er komne til i ettertid. Så kanskje det burde ein revisjon til igjen? Eg ser gjerne at i alle fall nynorsk og bokmål har same namna på funksjonane (utanom dei vanlege språklege skilnadane), anten dei er like namna brukte i Excel eller ikkje. Om omsetjinga av «AGGREGATE», sjå Funksjonen AGGREGATE(). LibreOffice skal vere kompatibelt med alle tidlegare utgåver. Difor kan du i lista finne fleire namn på den same funksjonen. Eg har ikkje merkt av kva namn du bør bruke, men generelt er det namna som inneheld punktum som er tilrådde. Tidlegare utgåver av Excel hadde ofte sine eigne, ustandard utrekningar av ein del funksjonar. For å vere kompatibel med Excel, hadde LibreOffice ein del funksjonar med dei same «feila». Desse var tildlegare merkte med _ADD etter namnet. Nokre få funksjonar er framleis «feil» i alle fall i nokre utgåver av Excel. Dei tilsvarande funksjonane i LibreOffice har fått tilføyd .EXCEL eller .XCL. Planen var å ta med ei kort forklaring på kva funksjonane gjer, men det blei det ikkje plass til på sida. Sida «Forklaringar» i menyen er ikkje oppdatert i denne omgangen. Helsing |
|
| © Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 23. august 2026 |