Programmering og anna rart

Stort sett brukt som testside for utprøving av skript og stilark

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Innhaldet og utsjånaden vil variere etter som eg prøver ut ulike ting. Layouten vil bryte med resten av nettstaden.

Kvifor denne sida?

Opphavet var at eg hadde bruk for ei side til å testa ut ulike script, CSS og andre idear omkring dette med å lage nettsider.

Tidlegare var sida skjult på nettstaden, men er nå tatt fram i lyset. Grunn: I innspurten for diverse IT-kurs, og like før eg skulle opp til eksamen våren 2003, krasja den gamle datamaskinen min. Eg måtte i all hast kjøpe ny maskin, og oppdaga då eg kom heim, at Windows XP ikkje er brukande til servarprogrammering. For å kunne bruke PHP og andre serverbaserte språk, måtte eg altså over på Windows 98 eller gå over til Linux. Akkurat på den tida hadde eg ikkje tid til noen av delane, så det blei å sitje oppkopla med modem mot ein nettserver i Sverige. Mange idear blei utprøvde på den måten, til stor glede for den som sende telefonrekningane. «online.no» tillet ikkje at eg bruker servarbaserte skript, difor er dei fleste sidene framleis baserte stort sett til JavaScript sjølv om tenaren (servaren) eg bruker nå også godtar skript.

Det er ikkje alltid at alle forsøka er synlege på skjermen utan vidare. Er du interessert, kan du alltids sjå på kjeldekodene for sida.

 

bølgelinje

 

 

 

 

 

 

 

Test på kalender med automatisk utrekning av påskerelaterte dagar.
Ser ut til å vere korrekt, men ingen garanti.
Denne kalenderen bruker Javascriptfilene lagTabellane.js, lagUtskrift.js og paaskedag.js

  | Kvås bygdelag | Lyngdal hagelag | Lov og odel | Matsider | Kverner
| V-A Ungdomsskule | 4fb | Kleivvannet | Hytta | Torvevegen | Jakt
| Stuestølslekta | Slekter i Kvås | BjunesslektaSlekta mi |
| Om sidene | Om oss