Tilbake til startsida 

Framsida pil Slekt pil Stuestølslekta

 

 

 


Dessutan:

 

 

Neste slektssamling
2. august 2014.

 

The next family reunion
August 2nd 2014

Stuestølslekta


I 1744 makeskifte Torgrim Pedersen Bjørndal (ca. 1702 - 1763) til seg Stuestøl, og blei den første av vår slekt som busette seg på garden. Stuestøl har sidan den tid vore i slekta. I dag er det 70 -80 personar rundt om i verda som ber namnet Stuestøl. Dei har alle namnet frå denne garden, og er alle i slekt med kvarandre. Sjølvsagt er slekta mykje større. Dei første som drog ut, følgde skikken med å ta namn etter garden dei budde på. Kvinnene tok mannen sitt namn. Bare dei siste generasjonane har brukt Stuestøl som etternamn.
(Det finst eit par andre stader i verda med namnet Stuestøl, men ingen andre har vore opphav til slektsnamn).

Forfedrane til Torgrim Pedersen Bjørndal veit vi lite om. I slektslista nedføre går ætta tilbake til bestefaren hans, Torgrim Lone. Denne bestefaren er ikkje dokumentert, og såleis usikker. Eg har ikkje funne noen som kan passa på denne karen på noen av Lonegardane i distriktet. Tatt med i tilfelle noen kjenner meir til han.


Slektstavle

Oppdatert 19. april 2005
Normalformat
19. april 2005 Acrobat Reader (pdf) lone-4.pdf 181 kb Norwegian (bokmål).
lone-4-index 91 kb Name index for lone-4
24. mars 2005 Acrobat Reader (pdf) lone-3.pdf 181 kb  Norwegian (bokmål).

Har du behov for andre format, sei i frå så kanskje det kan ordnast. Sjå nedføre ein stad.

Det er ein del arbeid å legge ut oppdaterte filer på denne måten. Difor litt for sjeldan oppdaterte. Ta heller kontakt om du ønskjer nyare data. Ein del av ættelistene (4 - 5000 namn) ligg også på www.geni.com (engelsk). Du må ha invitasjon frå ein av dei som står i listene for å få tilgang. Ta eventuelt kontakt.


English

A more complete list is found at www.geni.com (mostly in English). You need invitation to get the password. Send me a mail and I'll fix it. (My mail address at the bottom of this side).

My database is all in Norwegian (nynorsk). As a service to our foreign readers I tried to write the lists in English. Not actually me myself, but doing it by forcing the lists through several family programs more or less in automated steps. The processes generated lots of errors. I therefore gave it up and the files "lone-3" and "lone-4" are in Norwegian (bokmål). As most of you downloads the pdf files, I refused the other formats in newer uploads.

Some translations from norwegian (bokmål):
«Etterkommerene etter ...» = «The descendants of ...»
«Han/Hun giftet seg med ...» = «He/She married to »
«Datter» = «Daughter»
«Sønn» = «Son»
«Barn» = «Child» / «Children»
«Generasjon» = «Generation»
«Også kjent som ...» = «Also known as ...»
«Født» = «Born» Abbr.: «f»
«Død» = «Died» Abbr.: «d»
«Før» = «Before»
«Etter» = «After»
«Omkring» = «About» (Abbr.: OMK)
«i, på» = «at, on»  etc.
«og» = «and»


På slektsstemnet i 2000 hadde noen ført opp ein del namneopplysningar som vi ikkje greidde å tyda såpass sikkert at vi kan ta det med i listene. Skulle gjerne ha oppdatert desse. Sjølvsagt manglar det også andre data i arkivet vårt. Skulle noen føle behov for å supplera lista, er vi takksame for alt vi får inn. Dette vil også vere til hjelp for andre slektningar som måtte vere interesserte. Å halde ei slik liste à jour er ingen einmannsjobb, men krev (nesten) daglege oppdateringar også frå andre.


Ønskjer du kopi av det vi måtte ha av namn i anelista di eller andre ættelister, er det bare å gi oss eit hint. Sei i frå kva slag format du ønskjer på utskrifta. Står du ikkje på listene våre, må du føre anene dine tilbake til eit namn vi har i lista. Sjølvsagt er vi også interesserte i nye namn, korrigeringar, tilføyingar osv. til listene våre. Ei ætteliste blir aldri ferdig!

Vi kan lage utskrifter i dei fleste kjente formata passande for WordPerfect (opp til versjon 7), MSWord, Open Office sine filformat og for dei fleste andre tekstbehandlingsprogramma. Vidare i rtf- eller txt-format. Sjølv bruker vi slektsprogrammet Brother's Keeper 6 for Windows, og kan sjølvsagt levere i dette formatet. For dei som bruker andre slektsprogram, kan vi lage filene i GEDCOM-standard, men noen få av opplysningane (tid og stad for skifte, sambuarforhold o.l.) blir då ikkje overførte korrekt.
Registeret inneheld over 10.000 namn, så kanskje vi finn noen av forfedrane dine dersom dei har tilknyting til Kvås eller Stuestøl.


Slektssidene kontrollerte mot
Valid HTML 4.01 Transitional
Kart til Stuestøl  

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012