Slektssamling på Stuestøl
laurdag 1. august 2009.
På slektssamlinga i 2004 blei vi samde om å ha ei ny
samling om 5 år. Nå er desse åra omme, og vi stiller garden til
disposisjon laurdag 1. august 2009. I åra sidan sist samling er ein del
av eldsjelene for samlingane gått bort eller har mist den gamle krafta si,
men vi reknar med å kunne få til eitt eller anna likevel.
Det er ikkje set opp noe bindande program. Det viktigaste
innslaget har vist seg å vere det sosiale ved å møtast utanom i
bryllaup og gravferder. Difor ønskjer vi alle som har lyst til å møte
på Stuestøl denne dagen hjarteleg velkomne.
Vi gjer som tidlegare og fyrer opp grillane i 12-tida og
reknar med at alle har grillmat og andre nødvendige ting til eige bruk
med seg. (Skulle det vere noen som har gløymd mat eller stol, ordnar vi
nok det likevel. Det viktigaste er at du kjem).
Sidan alle syter for seg og sine er det ikkje påmelding
på førehand.
Programmet lagar vi under vegs etter som publikum ønskjer
det, men som eit utgangspunkt set vi opp eit
programforslag (svært lite bindande)
12.00 - 15.00: Mat og drøs
14.00 - 16.00: Guida turar rundt om på ulike delar av garden.
16.00 - ??.??: Utveksling av slektsdata og andre nyhende
Avslutning når det måtte passe.
Det er sjølvsagt høve til andre aktivitetar for dei som måtte
ønskje det. På tidlegare samlingar har gjerne ungdommane
bada i Kleivvannet.
|
Vel møtt
 |
Kart for å finne fram til Stuestøl.
|
|
|