Tilbake til startsida 

Framsida pil Slekt pil Stemnet 2000

 

 

 


Dessutan:

Slektsstemne på Stuestøl

søndag 30. juli 2000.


Det er i år over 25 år, nesten ein generasjon, sidan sist slektsstemne og såleis på tide med eit nytt. Dersom du høyrer til Stuestølslekta og det elles passer inn i programmet ditt, er du med dette invitert til Stuestøl søndag 30. juli i år frå kl 12.00 og utover. Sjølvsagt er du velkomen til andre tider også, men då kan du stort sett bare rekne med å treffe oss fastbuande.

Program
12.00 - 14.00: Mat og drøs
14.00 - 16.00: Guida turar rundt om på ulike delar av garden
16.00 - ??.??: Utveksling av slektsdata (munnleg, skriftleg, PC)
Avslutning når det måtte passe. Eventuelle endringar etter behov.

Praktiske opplysningar

Sidan det ikkje er påmelding, reknar vi med at kvar syter for mat, drikke, bord, stolar m.m. til eige bruk. Det blir høve til grilling heile dagen.

Ønskjer du parkeringsplass for campingvogn el. l. før, under eller etter stemnet, kontakt oss på førehand. Det kan elles bli problem med plass. Vi har diverre ikkje høve til anna innandørs overnatting enn i "medbragte hus".


Slektsbakgrunn

I 1744 makeskifte Torgrim Pedersen Bjørndal (ca. 1702 - 1763) til seg Stuestøl og blei den første av vår slekt som budde på garden. Sjølv om dei fleste etterkomarane hans busette seg her i regionen, har noen farta vidare og hamna på ulike kantar av landet eller vidare ut i verda.

Slektstavle

Vi har laga ei namneliste over dei etterkomarane til Torgrim Pedersen vi har i dataarkivet vårt. Denne kan du hente i ZIP-format (komprimert RTF) eller som rein tekstfil (TXT).

Klikk for å laste ned Torgrim.ZIP (21 Kb)
Klikk for å laste ned Torgrim.txt (71 Kb)

Er du interessert i andre utskrifter/lister? Ta kontakt. Vi har fleire tusen namn i arkivet vårt.


Bakgrunn for stemnet

Våren 1999 hadde vi besøk av m.a. to stk. Lars Stuestøl, Oslo og Årnes. Tanken om eit slektsstemne blei då lufta. Seinare tok Lars på Årnes initiativet, og dato blei bestemt. Vi fordelte også oppgåva med å kontakte ulike greiner av slekta, men sidan ingen av oss har det fulle oversynet, håper vi at så mange som råd er spreier ryktet om stemnet vidare til sine folk. Sist vi hadde slektsstemne var vi samla omlag 200. Diverre er gjesteboka som den gongen blei laga forsvunne. Er det noen som veit kvar ho blei av?


Kart til Stuestøl
Kvås bygdelag sitt slektsarkiv.

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012