|
for pyntegrøntsidene
Om pyntegrønt
Generelt småplukk
Bruk av pyntegrønt
Dyrking og stell
Pyntegrøntlag
Formidling
Kjøp og sal
Aktuelle adresser
om pyntegrønt.
Pyntegønt i media
Til heimesida for Stuestøl
|
|
- Småprat om pyntegrønt -
| Pyntegrønt har tradisjonelt vore nytta både i
sorg og i fest. Det var vanleg å strø opphakka einer på golvet
ved gravferder, medan det til fest var vanleg å pynta med barlind,
bergflette eller bjørkelauv, avhengig av årstida og geografisk
område. |
|
 |
 |
I vår tid treng vi også dekorasjonsmateriell, men i
motsetnad til i "gamle dagar", må dei fleste nå kjøpa
råmateriale eller ferdige dekorasjonar i butikkane. Behovet for
pyntegrønt aukar i takt med velstanden og urbaniseringa. Difor er
det også aukande behov for at noen kan skaffe nødvendig materiale
og at dette er tilgjengeleg for brukarane når det trengst
|
|
|
Etter kvart som forbruket aukar, blir det også meir og meir
nødvendig at alle ledda, frå produsenten til brukaren, har
kunnskap om kva som eignar seg til dekorasjonar, juletre osv. i
ulike samanhangar. Det blir ikkje sett same krava til eit utandørs
juletre som til det treet du skal ha i stova. Krava til ein
borddekorasjon på hytta i påska er ikkje dei same som til ein
brudebukett.
|
|
|
|
Kvart år
- blir det brukt omlag 2 mill. juletre i
Noreg
- bruker vi omlag 500 tonn klippegrønt
- bruker kvar nordmann ca. 0,1 kg
klippegrønt
- bruker kvar danske ca. 2,5 kg
klippegrønt
|
 |
| |
- Størst produksjon av
klippegrønt og snittgrønt på Sørlandet og på Vestlandet
- Produksjonen av juletre spreidd
over heile Sør-Noreg
- Behovet for klippegrønt er
aukande
- Mest klippegrønt av
nobeledelgran
- Behovet for juletre nokså
stabilt
- Flest juletre av gran, noe av
edelgran og ca. 10% furu
- Finst også eit lite forbruk av
einer, kristtorn o.a. til juletre
|
|
På desse sidene har vi brukt slik definisjon på
pyntegrønt:
- Pyntegrønt: Alle slag materiale
frå naturen brukt til pynt i alle former. Også juletre.
- Klippegrønt: Bar i hovudsak av
gran, edelgran og sypress.
- Snittgrønt (dekorgrønt): Finare
klippegrønt. Også kristtorn.
- Naturmateriale: Alt anna frå
naturen brukt som dekorasjon, trerøtter, mose ....
Andre definisjonar kan du finne på sida om Produksjon.
|
|