for pyntegrøntsidene
Generelt småplukk
Bruk av pyntegrønt
Dyrking og stell
Kjøp og sal
Aktuelle adresser
om pyntegrønt.
Pyntegønt i media
Til heimesida for Stuestøl
Pakking og sortering av klippegrønt og juletre

Denne lista er ikkje oppdatert sidan 2003.

Pyntegrøntlaga har klippekurs kvart år der sorterings- og pakkereglane blir gjennomgått. Denne lista er difor bare meint å vere ei rettleiing på kva krav som blir sette. Som oftast små endringar frå år til år.

Klippegrønt, snittgrønt

Alt etter planteslaget og bruksmåten blir klippegrønt levert
  • etter antal (stykkpris)
  • i buntar med bestemt antal, oftast 10
  • som bukettar etter antal eller vekt
  • i sekk etter vekt (gjerne 2,5 kg)
  • i pose etter antal (gjerne 10 stk)

Til grossist gjerne fleire buntar, bukettar ol. i sekk ell.

Sidan leveringsmengdene ofte er små, er det ikkje uvanleg å avtale leveringsform i kvart tilfelle. Vi tilrår likevel standardavtaler for kvart vareslag.

NB! Skiftande behov kan gi skiftande leveringsformer.

 

 


Klippegrønt, bar

Hovudreglane for sortering av grovare klippegrønt (bar):
  • Greinene skal ikkje ha
    • konglerestar, tydelege spor etter blomstring
    • misfarga nåler/nålespissar
    • alger eller anna belegg
    • skader av lus eller andre insekt
    • beiteskader
  • Greiner skal klippast utan skaft, ha minst tre kryss og skal vere reine, utan gras, sagspon, visne nåler eller andre framande element.
  • Buntane skal vere merka med etikett som syner art, klasse, mengde (oftast vekt), klippedato og leverandør.

    Desse reglane gjeld for

    1. Abies procera, nobeledelgran (sølvblå/blågrøn/grøn)
    2. Abies nordmanniana, nordmannsgran
    3. Chamaecyparis lawsoniana, sypress (grøn/blågrøn)
    4. andre treslag så langt dei høver.

Abies-greinene blir sorterte i diverse klasser etter farge, nåletype osv.

Til vanleg blir baret levert i buntar på 10 kg (9 kg for importvare) eller 5 kg.
Det blir også levert bukettar på 350 g i samlepakkar på 5 kg eller etter avtale. (På veg ut?)
Bar for gravdekke og bukettar etter antal.

For nobelgran kan ein rekne 5 - 15 greiner per 5 kg for grovare sorteringar og 15 - 30 greiner per 5 kg for finare sorteringar. Dette varierer likevel sterkt. M.a. er bar frå kysten tyngre enn bar frå innlandet.

NB! Skiftande behov kan gi skiftande leveringsformer.

Juletre

Hovudreglar for sortering av juletre:

Treet skal

  • ha farge som normalt for eit friskt tre av arten
  • ha naturleg kjegleform med greinene symmetrisk rundt heile treet. Høgd større enn breidde.
  • ha jamt fordelte greinkransar. Normalavstand 20-30 cm.
  • ikkje ha knekte, skadde eller døde greiner, misfarga nåler eller andre skader
  • vere reint utan planterestar eller andre framandelement

Dei nedste 20-30 cm av stammen skal vere avkvista, dvs. utan greiner.
Lengda på treet blir målt frå sagsnittet til så høgt som dei øvste sidegreinene når på toppskotet.

Til vanleg blir prisen sett som meterpris.

Så langt mogleg, gjeld desse reglane også for containertre, dvs. juletre i potter. Høgda blir her målt frå rothalsen. Pottestorleiken tilpassa treet. Vanlege potter frå 5 - 7 liter for tre mellom 30 og 100 cm