logo
Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet
logo


Medlemssidene

 

Desse sidene er tenkt å vere bare for medlemmene i pyntegrøntlaget. Etter kvart reknar eg med at du vil finne meldingar, notisar og anna stoff som gjeld pyntegrøntlaget. Sidene er (førebels?) opne for alle. Styret i laget avgjer om alle sidene eller enkelte sider skal vere tilgjengelege bare for medlemmene via passord.

Du kjem vidare på sidene ved å halde musepeikaren over menyen oppe på sida og klikke på ønskt side. Du kan ikkje klikke deg til den sida du er på. Skal du oppdatere sida, må du bruke oppdaterknappen i nettlesaren.

Nettsidene er på forsøksstadiet. Difor må du rekne med ein del endringar både med omsyn til layout og innhald. Alt stoff som skal publiserast her må gå gjennom Kolbjørn (adresse nedst på sida).

Gunnleiv Kaddan har gitt generelt løyve til å bruke alt stoffet han har publisert. Difor er artikkelen hans i Pyntebaret tatt med her. Har du lyst til å publisere stoffet ditt på desse sidene, ta kontakt. Vi er opne for det meste.

Har du meiningar om nettsida, forslag til forbetringar eller bare ønskjer å slå av ein prat, finn du adressa mi nedst på sida.

Har du ønskje om å avertere produkta dine på sidene, ta kontakt med forslag til tekst, bilde og layout, så ordnar vi det nokså greit.
(På ML-sidene gjeld dette tilbodet bare for medlemmer).

 

Kolbjørn

Tilgjengelege sider:

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 30. mai 2010