Logo for pyntegrøntsidene
Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet
Logo for pyntegrøntsidene

 


for pyntegrøntsidene
Generelt småplukk
Bruk av pyntegrønt
Dyrking og stell
Kjøp og sal
Aktuelle adresser
om pyntegrønt.
Pyntegønt i media
Til heimesida for Stuestøl

 

Mandal og Lister pyntegrøntlag er først og fremst eit produsentlag med føremål å yte sakkunnig hjelp og rettleiing til nåverande og framtidige produsentar av pyntegrønt, inklusive omsetjing av produkta.

Interesseområda er spreidd frå dyrking av juletre i høgareliggjande innland til produksjon av kristtorn og andre varmekjære planter i sørlandsk kystmiljø. Laget driv også med produktutvikling for å finne nye omsetnings- og bruksformer for pyntegrønt, samstundes som ein prøver å forbetra det plantematerialet som finst.

Produksjonen går føre seg i kjerneområdet for dyrking av pyntegrønt. Saman med nitid kontroll i alle ledda klarer laget difor å  halde høg kvalitet på varene. 

 

Som medlem kan du få
  • råd om alt frå innkjøp eller oppal av planter til stell av juletre.
  • hjelp til omsetning av produkta
  • råd om offentlege lover og støtteordningar
  • tips om nye produkt
  • del i foredlingsforsøk på plantemateriale
  • kurs i klipping og sortering av klippegrønt.
  • materialkjøp til reduserte prisar
  • sosialt samvær med likesinna
  • medlemsbladet «Pyntebaret» med tips og rettleiingar
Som forbrukar, dvs. seljar, dekoratør osv., kan du gjennom laget
  • nå fagleg kompetente produsentar
  • få produkt etter definert standard
  • få tak i spesialprodukt
  • få ferdiggjorte varer etter eigne spesifikasjonar
  • planleggje leveringane i god tid.
  • kjøpe dei mengdene du treng -- frå mindre parti til tonnvare
  • sleppe med noen få kontaktpersonar

Namnet på laget er litt nostalgi men viser samstundes kva region laget dekker. Dei vestre og sørlege delane av nåverande Vest-Agder fylke var tidlegare delt i Lister Amt og Mandals Amt som seinare blei slått saman til Lister og Mandal Amt og endå seinare blei ein del av Vest-Agder fylke.
Symbolet øvst på sida var logo for Lister pyntegrøntlag. Håper det er OK å bruke det.