|
| - Velkomen til startsida for pyntegrønt. -
Her vil du finne det meste som du måtte ha bruk for om pyntegrønt, anten du er dekoratør, produsent eller vanleg interessert. Pyntegrønt er alle slags naturmateriale som blir nytta til å pynte opp med, anten det nå er ein enkel borddekorasjon, eit vanleg juletre eller girlander til eit heilt gateparti. Jula er framleis toppsesongen for pyntegrønt, sjølv om ein held juletrea utanom statistikken. Etter som den generelle velstanden aukar, blir likevel bruken av pyntegrønt meir og meir eit heilårsfenomen. Ønskjer du nærare opplysningar om noen av emna, klikk på lenkene til venstre. Grøne eller svarte «lenker» i menyen fører ingen stad hen. Anten så er du på den aktuelle sida, eller teksten er meint som forklarande tillegg eller kanskje som framtidig lenke. Saknar du lenke(r) til dine eller andre sine sider med innhald som kan vere av interesse innan emnet pyntegrønt, gi oss eit hint. (Adresse nedst på sida). Sidene blir nå til i samarbeid med Mandal og Lister pyntegrøntlag. Etter kvart vil det såleis dukke opp ein del fagstoff og anna tilfang frå dette laget. Vonleg vil også dei fleste sidene bli fagleg oppdaterte av laget etter kvart. (Merket øvst på sidene var i si tid logo for Lister pyntegrøntlag). Sjølvsagt er sidene opne for alle interesserte. Eventuelle kommentarar til adressa nedst på sida. (Alt usignert
stoff på desse sidene er skrive av Kolbjørn
Stuestøl) |