for pyntegrøntsidene
Generelt småplukk
Bruk av pyntegrønt
Dyrking og stell
Kjøp og sal
Aktuelle adresser
om pyntegrønt.
Pyntegønt i media
Til heimesida for Stuestøl
- Kva er pyntegrønt? -
Tre aktuelle definisjonar

På desse sidene har eg brukt desse definisjonane:
I
  • Pyntegrønt: Alle slag materiale frå naturen brukt til pynt i alle former. Også juletre.
  • Klippegrønt: Bar i hovudsak av gran, edelgran og sypress.
  • Snittgrønt (dekorgrønt): Finare klippegrønt. Også kristtorn.
  • Naturmateriale: Alt anna frå naturen brukt som dekorasjon, trerøtter, mose ...

I tillegg vil du nok også finne andre ord som ikkje er definerte i lista over. Språkbruken er med andre ord noe inkonsekvent.

Statens landbruksbank har i eit hefte i 1997 definert pyntegrønt til å omfatte:
II
  • Juletrær
  • Klippegrønt
  • Kvister til driving
  • Innsamlet materiale fra naturen
  • Blomster for tørking

Ellen Finne Grimsby, ein av pionerane og kapasitetane innan pyntegrønt, bruker helst litt andre definisjonar (skjematisert frå eit brev til meg i 1999. Håper det er ok at eg bruker det, Ellen):
III
  • pyntegrønt: bar av gran og edelgran
  • snittgrønt (dekorgrønt): finere dyrkete ting
  • naturmaterialer: alt som vi sanker i skog og mar
Juletre er her sett i ein eigen kategori, utanom pyntegrønt. Mange lag hadde i si tid både «pyntegrønt» og «juletre» i namnet sitt, f. eks. «Vestre Vest-Agder juletre- og pyntegrøntlag».

 

Diskusjonen om definisjonane er nok ikkje slutt med dette. Det hadde vore svært greitt å fått eintydige, landsdekkande definisjonar, ikkje minst med tanke på marknadsføringa. Kven kan ordne dette? Bør laga samordne dette, eller er det ei oppgåve for Norsk språkråd?