Tilbake til startsida 

 

 

 

 

Meny:
Startside LibreOffice
Dokumentasjon

 

 

Kontorprogram

 

Kontorprogrammet LibreOffice

Når du kjøper datamaskin før du ofte med ein reklameversjon av kontorpakka Microsoft Office. Sjølvsagt er det meininga at du seinare skal kjøpe fullversjonen. Men det finst mange andre kontorprogram, noen til og med gratis. Eit av dei fullverdige gratisprogramma er LibreOffice.

Men kva er eit kontorprogram eigentleg?

Det kan definerast til å vere ei samling av program som blir brukte til

  • Tekstbehandling for ulike former for skrivearbeid.
  • Rekneark for handtering av tal, datalister o.l.
  • Presentasjonsprogram for å presentere t. d. eit prosjekt.
  • Teikneprogram for å lage t.d. skisser.
  • Arkivprogram for å lagre og ikkje minst finne igjen data.
  • Spesielle program, f. eks. for skriving av formlar.

I eit fullverdig kontorprogram arbeider desse modulane saman slik at du for eksempel kan lage teikningar i teikneprogrammet og grafiske framstillingar i reknearket og bruke desse i skriveprogrammet.

LibreOffice er eit fullverdig kontorprogram. Dessutan er, i motsetnad til Microsoft sine program, både programmet og hjelpseksjonen på bokmål og nynorsk, i tillegg til mange andre språk. Den einaste «feilen» det har er at det er gratis. Dermed blir noen skeptiske. LibreOffice er gratis, og vil alltid vere det, fordi programmet blir laga på dugnad av eldsjeler rundt om i verda.

LibreOffice bruker standard filformat på alle filene sine, igjen i motsetnad til Microsoft sine program, og kan dessutan opne og handtere alle kjende filformat for kontorprogram (så langt eg har funne ut).

Dokumentasjon

LibreOffice er svært godt dokumenter på engelsk. Du kan finne dei på Publikasjonar. I ledige stunder har eg omsett litt av denne dokumentasjonen til norsk. Etter kvart legg eg arbeidet ut på denne sida. Du finn dei i menyen til venstre («Dokumentasjon»). Omsetjingane er eigentleg ikkje heilt ferdige til offentleggjering. Dei manglar den siste finpussen.

Norsk nettside

Besøk gjerne også LibreOffice si norske nettside. Du finn ho på LibreOffice Norge. For tida er denne sida stort sett på engelsk. Sorry. Her kan du også melde deg på dersom du er interessert i å gjere ein innsats for fri programvare. For tida er det mangel på omsetjarar både på bokmål og nynorsk.

Nedlasting

Den sikraste måten å laste ned LibreOffice på, er å gå til nettsida libreoffice.org og trykke på knappen «Download». Systemet finn ut av kva språk maskinen din er sett opp med, og vil føreslå å laste ned på det språket. Sjølvsagt kan du endre dette om du vil ha eit anna språk. Hugs å laste ned hjelpfilene også. Installeringa gjer du på same måten som for andre program. I Windows dobbeltklikkar du på fila.

 Valid HTML 4.01 Transitional 

Helsing
 Kolbjørn


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. april 2015