Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn

LibreLogo

Tekst

LibreLogo, som andre Logo-variantar, har nokså enkle tekstfunksjonar. Det er råd å skrive teksten ut på skjermen og i eit sprettopp-vindauge. Det finst også noen enkle strengfunksjonar som kan brukast til å manipulere tekstar med.

Tekst på skjermen

LibreLogo har to kommandoar som skriv ut tekst på skjermen.

tekst

TEKST 'teksten' skriv teksten i det LibreLogo oppfattar som midten av figuren du har teikna. Dersom figuren ikkje er lukka, vil LibreLogo plassere teksten der han hadde hamna om figuren var lukka. Dersom teikninga er ein rett strek, blir teksten plassert langs streken. Du kan ha ulike tekstar på ulike stader om ønskjeleg. Kvar tekst blir skriven ut bare ein gong.

Eksempel:
KVADRAT 90
TEKST 'Kvadrat'

Denne kommandoen er enklast å bruke inne i lukka figurar. Då har du meir kontroll med kvar teksten hamnar. I opne figurar, som for eksempel ein strek, har du mindre kontroll.

tekst

ETIKETT skriv ut teksten der skjelpadda er. Teksten blir skriven på tvers av skjelpadda, sentrert i lengderetningen. Står skjelpadda på skrå i høve til arket, blir også teksten skrive på skrå. Det er råd å ha fleire ulike tekstar på skjermen i same programmet. Kvar etikett blir skrive ut bare ein gong.

Eksempel:
ETIKETT "Den første teksten"
PENN OPP
FRAM 50
PENN NED ; Ikkje nødvendig. Etiketten blir skrive ut sjølv om pennen er oppe.
ETIKETT "Den andre teksten"

Utsjånad på teksten

Har du behov for å endra utsjånaden på tekten, er dette nokså enkelt i LibreLogo. Du kan bestemme både storleik og farge og litt til.

TEKSTFARGE

Her kan du bruke alle fargenotasjonane for å finjustere fargen på skrifta. Det enklaste er likevel å brjuke fargenamna. TEKSTFARGE 'blå' vil sjølvsagt setje skriftfargen til blå. Sjå i bolken om fargar for meir om korleis du kan skrive inn fargane.

TEKSTSTORLEIK

Bestemmer storleiken på skrifta i punkt. TEKSTSTORLEIK 18 vil setje skrifta til 18 punkt (pt).

SKRIFTSTIL

Her har du to val, normal skrift og kursivert skrift. SKRIFTSTIL 'kursiv' gir kursivert skrift, medan SKRIFTSTIL 'normal' vil gi normal skrift.

SKRIFTTJUKKLEIK

Her har du to val, normal skrift og halvfeit skrift. SKRIFTTJUKKLEIK 'feit' gir halvfeit skrift, medan SKRIFTTJUKKLEIK 'normal' gir normal skrift.

SKRIFTFAMILIE

Her har vel du kva skriftfamilie som skal brukast. Kva du kan skrive inn her, er avhengig av kva skriftfamiliar du har i datamaskinen. Du kan sjå skriftfamiliane i LobreOffice Writer frå menylinja. Eksempel: SKRIFTFAMILIE 'Arial'.

tekst

Tekst i vindauge

Kommandoen SKRIV UT vil skrive ut teksten i eit sprettoppvindauge slik du kjenner for eksempel frå feilmeldingane i Logo.
Eksempel: SKRIV UT 'Dette er sprettopp-vindauget'.

Kommunisere med brukaren

Knappane i vindauget kan med den reine kommandoen ikkje brukast til anna enn å lukka vindauget. Det er likevel råd å få til ein enkel kommunikasjon med brukaren ved hjelp av tilleggskommandoen INNDATA. Kommandoen SKRIV UT (INNDATA 'Første del:') + (INNDATA 'Andre del:') vil opna eit vindauge med teksten «Første del:» og ei innskrivingslinje der det er råd å skrive eitt eller anna. Skriv inn noe og trykk Enter eller ein av knappan i vindauget. Neste vindauge kjem opp der du kan skrive inn andre delen. Trykk Enter eller ein av knappane når innskrivinga er ferdig. Eit tredje vindauge kjem opp med den første og den andre teksten du skreiv inn lagt saman.

tekst

Det du skriv inn blir oppfatta av LibreLogo som tekst. Vil du i staden at innskrivingane skal oppfattast som t.d. desimaltal, skriv du inn «FLYTTAL» framføre kvar av parentesane: SKRIV UT FLYTTAL(INNDATA 'Første del:') + FLYTTAL(INNDATA 'Andre del:') Det tredje vindauget vil då vise summen av dei to tala. Når du definerer innskrivingane som tal, kan du i staden for «+» bruke kva rekneteikn som helst.

Du kan ha så mange inndata som du ønskjer.

Det er også råd å bruke data som brukaren skriv inn i vindauget i programmet. Skriv inn
:farge = INNDATA "Farge nummer (0 - 24)"
PENNFARGE [:farge]
FRAM 100

Dette vil teikne ei linje i den valde fargen. Skriv du eit tal større enn 24 eller mindre enn 0, vil du få ei feilmelding. Greier du å lage ein rutine som hindrar feilmeldinga? Tips: «Løkker og vilkår» i sidemenyen.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 29. juni 2016