Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn
linjestil

LibreLogo

Teikneobjekt

LibreLogo har ein del ferdig definerte funksjonar for å laga matematiske figurar. Desse er kalla teikneobjekt. Funksjonane er

SIRKEL diameter
SIRKEL 100; teiknar ein sirkel med diameter 100 px.

ELLIPSE [diameter1, diameter2, frå, til, type]

Legg merke til at parametrane står mellom hakeparentesar og er skilde med komma og mellomrom. Det skal ikkje vere mellomrom etter den første parentesen og framføre den siste parentesen.
«diameter1» er diameteren høgre - venstre i høve til skjelpadda, medan «diameter2» er diameteren fram - tilbake, også i høve skjelpadda. Parametrane «frå» og «til» er startpunktet og sluttpunktet i grader for ellipsen. «type» bestemmer kva del av ellipsen som skal teiknast. Ikkje alle parametrane treng definerast i alle kommandoane.

lellipse
ELLIPSE [200, 100] vil teikna ein full ellipse.

ELLIPSE [100, 100, 0, 90] vil teikna ein sirkelsektor frå 0 grader til 90 grader.

Type = 0 gir ein vanleg ellipse på same måte som når bare diameter1 og diameter2 er oppgitt. Verdiane i «frå» og «til» blir ikkje tatt omsyn til.

lellipse

Type = 1 gir ut ein sirkelsektor bestemt av vinklane «frå» og «til». Kan sløyfast.

Type = 2 gir ut eit segment av sirkelen med dei oppgjevne vinklane.

Type = 3 gir ut den delen av sirkelbogen som ligg mellom vinklane til og frå.

lellipse

Blir type sett til eit tal høgare enn 3, blir teikninga ei sirkelsektor.

Dersom diameter1 og diameter2 er like, blir ellipsen ein sirkel.

KVADRAT side

Teiknar eit kvadrat der kvar side er så lang som oppgitt i «side».

KVADRAT 100 ; Teiknar eit kvadrat med side 100 px.

REKTANGEL [side1, side2, avrunding]

Teiknar eit rektangel «side1» × «side2» med avrunda hjørne med diameter «avrunding». Dersom den siste verdien blir sløyfa, vil kommandoen teikna eit rektangel med rette hjørner. Legg merke til at parametrane blir skrivne mellom hakeparentesar og skilde med komma og mellomrom.

REKTANGEL [100, 200] ; Teiknar eit rektangel 100 px breidt og 200 px høgt.

REKTANGEL [100, 200, 25] ; Teiknar eit rektangel 100 px breidt og 200 px høgt med avrunda hjørner. Diameteren for avrundinga er 25 px.

PUNKT

Teiknar eit punkt med storleik og farge som pennen.

ETIKETT 'Tekst'

Skriv teksten på tvers av skjelpadda, sentrert ved posisjonen til skjelpadda.

TEKST "Tekst"

Skriv ut teksten. Eg har ikkje utforska denne funksjonen nærare, men det ser ut til at skjelpadda bare skriv når ho flyttar seg. Prøver du å skrive ut fleire tekster på ulike stader på skjermen, vil bare den siste teksten i programmet bli skrive ut.

TEKST "Tekst" kan også brukast saman med teikneobjekt for å setje ein tekst til det gjeldande teikneobjektet. Teksten blir sett inn på tvers av skjelpadda, sentrert i objektet.

REKTANGEL [200, 100, 25] TEKST "Rektangel" vil setje ordet «Rektangel» inn i rektangelet. Lagar du ein ny figur ein annan stad på skjermen, kan du setje tekst inn i denne også.

Sjå meir om TEKST og ETIKETT i kapitlet Tekst


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 17. februar 2014