LibreLogo
Programmering med LibreLogo
LibreLogo er ein variant av programmeringsspråket Logo, som blei utvikla både som eit
hjelpemiddel for innføring i programmering og for betre forståing av matematikk. I utgangspunktet
blei ei mekanisk skjelpadde programmert frå ein datamaskin. I seinare utgåver blei den mekaniske
skjelpadda bytt ut med eit skjelpaddeliknande symbol på skjermen og språket blei nokså mykje utvida.
Også LibreLogo kan meir enn å flytte skjelpadda, men sidan det truleg er skjelpaddegrafikken som vil
bli mest brukt, har eg lagt mest vekt på den delen.
Du kan finne meir om Logo mellom anna på nettsida til
LOGO Foundation.
Eg kjenner ikkje til norske nettsider for Logo, og heller ingen andre omtalar av LibreLogo.
Omtalen her bygger på den utgåva av LibreLogo som finst i LibreOffice frå versjon 4.2 og nyare, men skal også
vere brukbar for versjon 4.1. Dette har eg ikkje prøvd ut.
Det som skil Logo frå andre programmeringsspråk er altså skjelpadda. Å få skjelpadda til å
teikne meir eller mindre komplekse figurar på skjermen set dei vanlege krava til programmeraren
om å vere nøyaktig både i skrivemåtane, logikken og matematikken. Sidan resultatet av programmeringa
blir synleg på ein forståeleg måte straks programmet blir utført, er dette også motiverande for å
prøve seg i kunsten å lage gode program. Blir den ønskte trekanten noe anna enn ein trekant, er
det opp til programmeraren å finna ut kva som er feil i programmet.
Logo er også forsøkt med godt resultat i matematikkundervisninga. Det store problemet er vel helst at
lærarane i faget har for lite kunnskap i Logo. Etter det eg veit, er det ikkje noe systematisk forsking
på bruk av Logo i klasserommet. Den gongen eg prøvde det, var resultatet svært vellukka. Grunnen til
at eg ikkje brukte Logo meir, var at vi på 1980-talet hadde datamaskinene på eit eige datarom, ikkje
i klasserommet.
Menyen til venstre inneheld overskriftene for dei ulike sidene. Byrjar du øvst og arbeider deg
nedover, får du på dei første sidene ei steg for steg innføring i programmering med LibreLogo.
Notasjon og kommandonamn
Som alle andre programmeringsspråk, har LibreLogo ein del reglar for korleis kommandoar skal skrivast.
Dette blir forklart etter kvart som det dukkar opp. LibreLogo har i mange tilfelle fleire namn på den same
kommandoen. På desse sidene har eg vald stort sett å bruke bare eitt av dei aktuelle namna for ikkje å
forvirra for mykje. Du finn ei fullstendig liste over alle namna under «Kommandooversyn» i menyen.
Den norske utgåva av LibreLogo kan i tillegg til norske kommandoord, også bruke eit avgrensa utval av
engelske kommandoar. Dessutan kan både komma (,) og punktum (.) brukast som desimalteikn. Endeleg kan
enkle (' '), doble (" ") og «norske» (« ») hermeteikn brukast i dei fleste tilfella. Faktisk så kan dei
i noen tilfelle brukast om kvarandre, noe som ikkje alltid er ein fordel.
Om sidene
Ein del kommandoar er definerte eller forklarte fleire stader. Dette for at brukaren skal sleppa å
hoppa fram og tilbake mellom sidene. I lista over kommandoane, kan du klikka på dei fleste kommandonama
for å koma til ei side der kommandoen er nærare omtalt.
Bakgrunn for desse sidene
Då eg oppdaga LibreLogo, blei eg kanskje litt nostalgisk. Eg hadde ikkje brukt
Logo sidan 1980-talet, og fann ut eg måtte friske opp gamle minne. Det var lite stoff å finna om
programmering i LibreLogo, så eg fann ut eg fekk laga til ei enkel innføring i tilfelle andre
skulle dumpa på språket og få lyst til å prøva det, og også litt for min eigen del. Anten du er utan
erfaring med programmering, eller du er ein habil programmerar i andre språk, kan Logo vere både
moro og lærerikt. Bare prøv.
Desse sidene blei opphavleg laga ut frå ein uferdig versjon 4.2 av LibreOffice. Fordelen med å
arbeide på ein versjon i utvikling, var at når eg fann feil i programmet, blei feilmeldingane mine nokså
raskt tatt omsyn til og blei retta i neste utgåve. Frå og med versjon 4.3 er dei fleste feila retta.
|