Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn

LibreLogo

Skrive fullstendige program

I Logo, også LibreLogo, er det råd å skrive lange program over fleire linjer. Opna LibreLogo og hald nede Ctrl-tasten medan du trykker på Enter-tasten. Du vil då få fram ei ekstra side som kan brukast for å skrive programmet. Teikninga skjer på den første sida, medan programmet blir skrive inn på den andre sida, eller fleire sider om nødvendig. Til vanleg kan det vere fornuftig å setje opp Writer slik at du får desse to sidene ved sida av kvarandre på skjermen.

Du køyrer programmet ved å trykke på startknappen på menylinja øvst på sida. Har du fleire småprogram på programsida, kan du markere eitt av dei på same måte som du markerer tekst i Writer for å køyre bare det eine programmet utan å køyre dei andre programma.

Vi byrjar med eit eksempel frå eit program vi tidlegare skreiv inn på kommandolinja. Skriv inn

firkant

FRAMOVER 100
HØGRE 90
FRAMOVER 100
HØGRE 90
FRAMOVER 100
HØGRE 90
FRAMOVER 100

Trykk på startknappen på menylinja for å køyre programmet.

Du ser at sekvensen FRAMOVER 100 HØGRE 90 blir brukt tre gonger i programmet. Dette kan vi forenkle ved å bruke kommandoen GJENTA. Skriv inn
GJENTA 3 [ FRAMOVER 100 HØGRE 90 ]
FRAMOVER 100
og trykk start. Du skal nå få den same figuren som i det første eksemplet.

Talet 3 fortel kor mange gonger det som står inne i hakeparentesen skal utførast. Legg merke til mellomrommet etter den første parentesen og framføre den siste. I LibreLogo blir hakeparentesar brukte både for å markere lister (sjå seinare) og for å ramme inne ei rekke med kommandoar. I det siste tilfellet må den første parentesen alltid ha eit mellomrom eller eit linjeskift etter seg og den siste parentesen eit mellomrom eller eit linjeskift framføre seg. Programmet over kunne såleis også skrivast slik
GJENTA 3 [
  FRAMOVER 100 HØGRE 90
]
FRAMOVER 100
Denne måten kan vere grei når det er mange ulike kommandoar som skal repeterast.

Sjølvsagt kan du bruka alle kommandoane nemnde i dei første kapitla på desse siden, der programmeringa blei gjort frå kommandolinja.

Eigendefinerte funksjonar

Har du ein figur som skal brukast ofte, men med litt ulike storleikar, kan du definere din eigen funksjon som kan teikna figuren i den storleiken du ønskjer. Eigendefinerte prosedyrar byrjar alltid med TIL og namnet på prosedyren. Definisjonen blir avslutta med SLUTT. Skriv inn
TIL triangel :storleik
  GJENTA 3 [
    FRAMOVER :storleik
    VENSTRE 120
  ]
SLUTT

For å kalla opp funksjonen, kan du skrive inn for eksempel triangel 100.

(I LibreLogo 4.2.1.1 verkar ikkje eigendefineringa av funksjonar. Feilen er rapportert og vil sikkert bli retta i seinare versjonar).

Når du definerer dine eigne funksjonar, er det noen reglar som må følgjast nokså slavisk. Sjølv om du kan skrive kommandoar med små eller store bokstavar, eller ei blanding, gjeld dette ikkje for funksjonsnamn og variabler. Funksjonen i eksemplet har eg kalla «triangel», difor må oppkallet også vere til «triangel», ikkje «Triangel». Det same gjeld for variabelen «:storleik». Bruk same sekvensen av små og store bokstavar som du brukte då variabelen blei definert. I LibreLogo er det eigentleg ikkje nødvendig å markere ein variabel med kolon framføre, men det er ein god vane å gjere det for å skilje variablane ut frå funksjonsnamna. Ordet «TIL» i byrjinga på funksjonen fortel, som sagt tidlegare, LibreLogo at nå kjem det ein funksjonsdefinisjon. Definisjonen blir avslutta med «SLUTT».

Innrykka framføre kommandoane er ikkje nødvendige for programmet, men gjer det lettare å lese.

Ein heimelaga funksjon kan gjerne ta i mot fleire argument. Ønskjer du trekantane i ulike fargar, skriv du
TIL triangel :storleik :farge
  PENNFARGE :farge
  GJENTA 3 [
    FRAMOVER :storleik
    VENSTRE 120
  ]
SLUTT

Oppkall av funksjonen kan for eksempel skrivast slik: triangel 66 "blå"

LibreLogo kan også ein del matematikk, så om du ønskjer å utvide funksjonen til å kunne teikna ulike mangekantar i ulike storleikar og farger, er dette også råd. Sidan funksjonen kan meir enn å teikna trekantar, har eg forandra namnet til «mangekant». Ein god regel å gi funksjonane fornuftige namn.

8-kant

TIL mangekant :kantar :storleik :farge :strek
  PENNFARGE :farge
  PENNBREIDD :strek
  GJENTA :kantar [
    FRAMOVER :storleik
    VENSTRE 360 / :kantar
  ]
SLUTT

Varabelen :kantar tar i mot kor mange kantar figuren skal ha. Oppkallet mangekant 8 100 "blå" 5 vil såleis gi ein figur med 8 sider 100 pikslar lange, blå strekfarge og 5 px brei strek.

Det er kanskje unødvendig å seie det, men verdiane i oppkallet må vere i same rekkefølgje som dei er brukte i definisjonen. Den første verdien er altså talet på kantar, den neste er storleiken på figuren, dvs. kor lang kvar side skal vere, den neste gir strekfargen og den siste er breidda på pennen. Matematikken skjer i linja VENSTRE 360 / :kantar. LibreLogo reknar at ein full sirkel er 360 grader. For å kome tilbake til utgangspunktet, må snuinga (VENSTRE) vere 360 grader delt på talet på sider. LibreLogo bruker + for pluss, - for minus, * for multiplikasjon og / for divisjon. Sjå meir om dette under «matematikk».

Lagra programmet

Programmet blir skrive i LibreOffice Writer, og kan såleis lagrast på venleg måte frå menyen øvst på sida. For å lagra figuren du har laga, sjå «Lagra figur» i menyen til venstre her. Du hentar inn eit tidlegare lagra program som eit vanleg Writer-dokument.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 17. februar 2014