Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn

LibreLogo

Teiknepennen

I standardoppsettet vil skjelpadda teikne ein svart, 1 piksel (px) brei strek når ho flytter seg på skjermen. Denne sida handlar om dei ulike innstillingane du har for å forandra strekfarge, breidda og litt til.

Endre strekbreidda

Du bestemmer strekbreidda med kommandoen PENNSTORLEIK x der x er eit tal som fortel kor mange pikslar storleiken på pennen skal vere. Standardstorleiken er 1 piksel. PENNSTORLEIK 5 gir ein 5 pikslar brei strek.

Endre strekfargen

Du kan også endra fargen pennen skal bruke med kommandoen PENNFARGE "fargenamn" der fargenamnet er eit standardisert fargenamn for LibreLogo eller ein farge i RGB-systemet. RGB-fargen kan skrivast som desimaltal eller i hekskode. For å endra teiknefargen til gul, kan du såleis anten skriva
PENNFARGE "gul" (fargenamn),
PENNFARGE [255, 255, 0] (desimal) eller
PENNFARGE 0xffff00 (hekskode).
(Du kan bruke dei vanlege hermeteikna («») eller dei som er brukte i eksempla). Du finn ei liste over standard fargenamn i lista over kommandoane i menyoppføringa «Kommandooversyn».

Linjestil

linjestil

Normalt teiknar skjelpadda ein heiltrukke strek, men det er råd også å teikna stipla og prikka linjer, dessutan med ein sjølvdefinert stil. Vala er:

LINJESTIL "einsfarga" (Standard) (A på figuren)
LINJESTIL "prikka" (B på figuren)
LINJESTIL "stipla" (C på figuren)
LINJESTIL [sjølvvald] (D på figuren)

Den sjølvvalde linjestilen blir sett opp som ei liste som for eksempel kan sjå slik ut:
LINJESTIL [3, 6, 1, 15, 10, 2].

linjestil

Det første talet i lista seier kor mange merke det skal vera (her 3), det andre talet lengda på merka (her 6 pikslar), det tredje talet er kor mange merke det skal vere i den neste grupa (her 1). Det fjerde talet er lengda på merka i denne gruppa (15 pikslar). Det femte talet bestemmer avstanden mellom merka (10 pikslar).
Det siste talet er valfritt og bestemma forma på merka. 0 (som er standardinnstillinga) gjer at merka blir teikna som rektangel i høve til dataane som er gjevne, 2 at dei blir teikna som kvadrat relativt til pennstorleiken. I bildet er den øvste streken definert som type 2 og den nedste som type 0.
Breidda på merka er den same som penbreidda.

Linjeslutt

Du kan velje om forma på linjeavslutninga skal vera kvadratisk eller avrunda, eller utan bestemt avslutning, som er standardinnstillinga.

linjestil
LINJEENDE "ingen" (Standard)
LINJEENDE "kvadrat" (Blir lagt til eit halvt kvadrat i kvar ende av linja).
LINJEENDE "avrunda" (Blir lagt til ein halvsirkel i kvar ende av linja).

linjestil

Linjeovergangar

Også utsjånaden på samankoplinga av linjer kan endrast. Koplinga gjeld ikkje for start- og sluttpunktet.

LINJEKOPLING "avrunda" (Standard) (Bilde 1)
LINJEKOPLING "ingen" (Bilde 2)
LINJEKOPLING "skråkant" (Bilde 3)
LINJEKOPLING "skarp" (Bilde 4)

Prikken på bilda viser start- og sluttpunktet for oppstrekinga.

Med og utan strek

Ønskjer du å flytta skjelpadda utan å setja strek, kan du bruke kommandoen PENN OPP. Flyttekommandoane kan då brukast som normalt, men det blir ikkje laga nokon strek under flyttinga. For å få streken fram igjen, bruk kommandoen PENN NED.
Har du bruk for at streken eigentleg skal vere der, t.d. for å avgrense ein fyll-kommando, kan du i staden teikna med usynleg strek. Bruk då kommandoen PENNFARGE "usynleg".


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 29. juni 2016