Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn

LibreLogo

Slik opnar du LibreLogo i LibreOffice

Dei aller fleste som bruker LibreOffice veit ikkje om at det også finst ein Logo-variant i oppsettet. Det finst ingen direkte lenker til LibreLogo, som varianten blir kalla, frå noen av menyane. Einaste måten, trur eg, er å opna eit nytt tekstdokument. I hovudmenyen øvst på sida trykker du på «Vis» og deretter «Verktøylinjer» → «Logo». Dette vil opna verktøylinja for LibreLogo saman med dei andre verktøylinjene. Plasseringa er avhengig av kva menylinjer du har opne frå før. Denne verktøylinja inneheld ein del knappar for å kontrollera skjelpadda og ei kommandolinje der du kan skrive inn kommandoane. Trykk på ein av knappane for å få fram skjelpadda.

vise film

Knappane på menylinja

Kvart trykk på knappane «Bakover» og «Framover» vil flytta skjelpadda 10 pikslar bakover eller framover. Knappane «Høgre» og «Venstre» vil snu skjelpadda 15º med eller mot klokka. Knappen «Heim» flytter skjelpadda til utgangspunktet midt på sida med hovudet oppover. «Tøm skjermen» vil fjerne alle teikningar på sida. «Start» og «Stopp» blir brukte for å starta og stoppa utføringa av eit skrive program. Kommandolinja blir brukt for å skrive inn kommandoar, ei linje om gongen. Knappen til høgre for kommandolinja blir brukt for å setja alle kommandoane med store bokstavar og for å omsetje programmet til andre språk. Denne er ikkje brukt i den første innføringa.

Dersom føremålet er å lære programmering, er det bare kommandolinja og knappane for å tømme skjermen og Heim som eigentleg er nyttige. Dei andre knappane er helst for å lage figurar utan programmering.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 17. februar 2014