Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn

LibreLogo

Matematikk

LibreLogo har ein del innebygde matematikkfunksjonar. Sjølv om enkelte av dei er omtalte i andre bolkar, vil du kunne finne eit samla oversyn her.

Matematiske operatorar

Her er ei liste over dei matematiske operatorane eg har funne i LibreLogo:

Operator Bruk Forklaring
+ :a + :b Adderingsteiknet (legg saman)
- :a - :b Subtraksjonsteiknet (trekk frå)
* :a * :b Multiplikasjonsteiknet (gonge)
/ :a / :b Divisjonsteiknet (dele)
= :x = :a - :b Likskapsteiknet (er lik)
% :a % :b Rest ved deling
< :a < :b Mindre enn
> :a > :b Større enn
<= :a <= :b Mindre enn eller lik
>= :a >= :b Større enn eller lik
!= :a != :b Ulik
& :a & :b Bit OG. (Binær AND)
| :a | :b Bit ELLER. (Binær OR)
^ :a ^ :b Bit IKKJE OG. (Binær NAND)

Matematiske funksjonar

Namn Bruk Forklaring
TILFELDIG TILFELDIG 100 Tilfeldig tal (16 siffer) mellom 0 og oppgitt tal.
HEILTAL HEILTAL 5,123 Returnerer heiltalet av eit desimaltal. Her 5.
KVROT KVROT 100 Kvadratrota av eit tal, her 10
SIN SIN 90 Sinus til ein vinkel. SIN 90 = 0,8939966636005579
COS COS 90 Cosinus til ein vinkel. COS 90 = -0,4480736161291701
AVRUND AVRUND 16,45 Rundar av til næraste heiltal.
ABS ABS -30 Absolutt verdi, dvs. positiv verdi. (Her: 30).
MIN MIN 23, 2, 45 Minste verdien i ei liste. (Her: 2).
MAKS MAKS 23, 2, 45 Største verdien i ei liste. (Her: 45).
OMRÅDE OMRÅDE 10 100 5 Område for liste. 1. talet er frå, 2. talet er til og 3. talet er steg.
PI :areal = PI * :radius * :radius Talet Pi som 3,14159265359

Funksjonane er omtalte i bolken «Funksjonar».

Dersom tastaturet ditt skil mellom minusteiknet og tankestrek, må då bruke minusteiknet på taltastaturet, ikkje det til høgre for punktumet.

Du kan handtere talverdiar direkte eller frå variablar, eller ei blanding.
SKRIV UT 2 * 6 ; vil gi resultatet 12.
:a = 2 SKRIV UT :a * 6 ; vil også gi 12.
:a = 2 :b = 6 SKRIV UT :a * :b ; vil også gi 12.

LibreLogo følgjer dei vanlege matematiske reglane for rekkefølgje og bruk av parentesar ved utrekningar.
SKRIV UT 2 + 5 * 4 -8 vil gi 14 fordi først blir 5 * 4 rekna ut (=20) og deretter 2 + 20 - 8.
SKRIV UT (2 + 5) * 4 - 8 gir svaret 20.

Punktum og komma

Dersom du har sett LibreLogo til å vere på norsk, og det har vel dei fleste som les dette, er det litt rot i bruk av desimalteikn. Tala blir skrivne ut med komma (3,14), men du må bruke punktum i innskrivingane (3.14). Komma blir brukt som skiljeteikn i lister, og kan difor ikkje brukast som desimalteikn.
Det er ikkje så enkelt å rette på dette. LibreLogo bruker punktum som desimalteikn og komma som skiljeteikn i lister. Semikolon, som på norsk er det vanlege skiljeteiknet i lister, blir i LibreLogo brukt framføre merknadar for å fortelje LibreLogo at dette ikkje er ein del av programmet. Kolon (:) blir brukt i mange logovariantar for å markere variablar, og kan også brukast slik i LibreLogo. Dermed er ingen av dei vanlege teikna ledige. Eg tar gjerne i mot gode forslag.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 9. desember 2015