Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn

LibreLogo

Fyllkommandoane

Du kan fylla figurane du teiknar med ulike skraveringar og ulike fargar. Dersom figuren ikkje er lukka, det vil seia at strekane ikkje lagar ein innelukka figur, vil LibreLogo lukka figuren før fyllet blir teikna inn. Ønskjer du å sjå korleis den lukka figuren ser ut, kan du bruka kommandoen LUKK.

For å fylla ein figur, bruk kommandoen FYLL.

Einsfarga

Kommandoen for å bestemma fyllfargen er FYLLFARGE "fargenamn" der fargenamnet er eitt av standardnamna i LibreLogo eller notert i RGB-formatet. (Sjå under «Endre strekfargen» i kapitlet «Pennen»). Vil du ikkje ha fyllfarge, skriv du FYLLFARGE "usynleg". FYLLFARGE kan også brukast saman med den neste kommandoen for å bestemma bakgrunnsfargen.

Skravering

skraverstil

Skravering av figuren kan gjerast med 11 ulike standardmønster eller med eit eigendefinert mønster. Dei 11 standardskraveringane er viste på figuren ovanfor. Kommandoen er: FYLLSTIL x der x er eit tal frå 0 til 10. Skraveringane for dei ulike talverdiane er vist på bildet ovanfor. Standardinnstillinga er FYLLSTIL 0, altså einsfarga.

I tillegg kan du også definera din eigen fyllstil med FYLLSTIL [eigendefinert liste]. I den eigendefinerte skraveringsstilen kan lista sjå slik ut: FYLLSTIL [2, "blå", 5, 30°]. Det første talet bestemmer kor mange linjer skraveringa skal ha, 1, 2 eller 3. Det andre innslaget er fargen på linjene. Her kan du bruke alle metodane for å angi farge. Det tredje talet bestemmer avstanden mellom linjene og det fjerde talet vinkelen linjene skal ha i høve til arket. Du treng ikkje bruke gradeteiknet (°) her, det er tatt med for å vise at det er mogleg å bruke det.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 17. februar 2014