Tilbake til startsida 

 

 

Meny:Dokumentasjon

 

Opna LibreLogo
Flytte
Pennen
Fyll
Menyen
Teikneobjekt

Programmering
Løkker og vilkår
Variablar
Funksjonar
Eigendefinerte funksjonar
Tekst
Matematikk
Diagram
Reglar
Kommandooversyn
linjestil

LibreLogo

Funksjonar

LibreLogo har ein del ferdiglaga funksjonar som kan vere nyttige i ulike samanhengar. Her finn di ei oversikt over desse.

TILFELDIG

Returnerer ein tilfeldig verdi frå ei samling verdiar. Dersom verdien skal vere eit tal, må det vere med i øvre grense for verdien. Bruk:

TILFELDIG 100 ; Tilfeldig desimaltal (16 siffer) frå og med null til og med 100 (0 <= x < 100)

TILFELDIG "abcdefghijklm" ; Tilfeldig bokstav frå teksten

TILFELDIG [1, 2] ; Tilfeldig listeelement av 1 eller 2

HEILTAL

Returnerer heiltalet av eit desimaltal.

:variabel = HEILTAL 20,14 ; :variabel = 20

FLYTTAL

Gjer om tal skrivne i ein streng til desimaltal.

:variabel = 3 * FLYTTAL "10,5" ; :variabel = 31,5

STR

Gjer om tal til tekststreng.

SKRIV UT 'Dette er talet ' + STR (5)

Dette vil skrive ut «Dette er talet 5». (Talet 5 kan erstattast med ein variabel). Sløyfer du STR i uttrykket, får du ei feilmelding. Prøver du å skrive ut SKRIV UT 4 + 9 får du summen av desse, altså 13. Vil du ha utskrifta nøyaktig slik ho står, må du bruke SKRIV UT STR (4) + ' + ' + STR (9). (I Hjelp for LibreLogo er parentesane sløyfa i eksempla, men dette verkar ikkje alltid. Betre å bruke dei).

KVROT

Returnerer kvadratrota av eit tal eller eit uttrykk.

SKRIV UT KVROT 100 ; Returnerer talet 10

SIN

Returnerer sinus av eit tal eller eit uttrykk.

SKRIV UT SIN 90 ; Returnerer talet 0,8939966636005579

SKRIV UT SIN 90 * PI/180 ; Returnerer talet 1,0 som er sinus av 90° i radianar

COS

Returnerer cosinus av eit tal eller eit uttrykk.

SKRIV UT COS 90 ; Returnerer talet -0,4480736161291701

SKRIV UT COS 90 * PI/180 ; Returnerer talet 6,123233995736766e-17 som er cosinus av 90° i radianar

AVRUND

Avrundar eit desimaltal til næraste heiltal.

SKRIV UT AVRUND 5,5 ; Returnerer talet 6

SKRIV UT AVRUND -5,5 ; Returnerer talet -6

ABS

Returnerer den absolutte verdien av eit tal. (Absolutt verdi er den positive verdien av talet, sjølv om talet er negativt.

SKRIV UT ABS -15 ; Returnerer talet 15

TEL

Returnerer talet på einingar i eit uttrykk.

SKRIV UT TEL "Ein tekst" ; Returnerer talet 9, som er talet på teikn i strengen (også mellomrom er teikn)

SKRIV UT TEL [1, 2, 3] ; Returnerer talet 3, som er storleiken på lista

OMRÅDE frå til steg

Definerer eit område for ei liste i staden for å definere kvart element. «frå» er startverdien, «til» er sluttverdien og «steg» er kor mange steg i lista som skal hoppast over. Dersom «frå» og «steg» ikkje er oppgitt, tel funksjonen frå 0 eitt steg om gongen til sluttverdien - 1. Er start- og sluttverdien oppgitt, men ikkje steg, vil lista bli tald eitt steg om gongen. Dersom fråverdien er større enn sluttverdien, får du inga feilmelding, men det kjem heller ikkje noe ut av funksjonen.

SKRIV UT OMRÅDE 5 ; Resultat: (Range 0,5). Teljinga byrjar på 0.

SKRIV UT OMRÅDE 5 10 ; Resultat: (Range 5,9)

FOR :x I OMRÅDE 20 50 [ SKRIV UT :x ]/span> ; Resultat: 20 21 22 23 … 49

FOR :x I OMRÅDE 20 50 10 [ SKRIV UT :x ]/span> ; Resultat: 20 30 40

SORTERT

Returnerar ei sortert liste. Lista kan vere ei liste med tal eller med tekst. Kvart element blir sortert i stigande rekkefølgje. Dei «norske» bokstavane blir sorterte som å, æ, ø.

:bokstavar = list ['b', 'o', 'å', 'æ', 'ø', 'a']
:ordna = SORTERT :bokstavar
SKRIV UT :ordna ; returnerer [u'a', u'b', u'å', u'æ', u'ø']

BYT (ny, gml, streng)

«gml», «ny» og «streng» er strenger eller enkeltbokstavar og må skrivast mellom hermeteikn. Alle forekomster av gml vil bli erstatta med ny i strengen streng. Dette er enklare med eit eksempel:

:streng = 'Tekst og atter tekst'
:nystreng = BYT ('t', 'T', :streng)
SKRIV UT :nystreng ; Resultat: TeksT og aTTer TeksT
SKRIV UT BYT ('atter', 'meir', :streng ; Resultat: Tekst og meir tekst

Funksjonen kan også bruke RegEx (regulære uttrykk) for den som beherskar det.

LISTE

Denne funksjonen er eigentleg ikkje nødvendig å bruke i vanleg programmering. Han lagar ei indeksert liste med tal eller tekst. Indeksen tel frå 0.

Mønsteret for ei liste ser slik ut: :tabell = LISTE [element_1, element_2, element_n] der element er eit tal eller ein tekst. Tekst må skrivast i hermeteikn. Du får akkurat same resultatet om du skriv :tabell = [element_1, element_2, element_n], altså utan ordet LISTE. Elementa blir henta ut frå lista ved hjelp av indeksen: :n = :tabell [nr]. Eg har ikkje utforska dette nærare.

:vinklar = LISTE [15, 30, 45, 60, 75, 90, 180] ; liste med aktuelle vinklar
GJENTA 40 [
  :x = HEILTAL TILFELDIG 7 ; Genererer eit tilfeldig heiltal frå 0 til 6
  TILBAKE 50
  VENSTRE :vinklar[:x] ; Vel vinkel nummer :x frå lista

MIN og MAKS

Returnerer det minste (MIN) eller det største (MAKS) elementet i ei liste. Lista kan vere tal, bokstavar eller strenger. I strenger vil det minste eller det største teiknet bli returnert, ut frå kodeverdien det har i skrifta du bruker.

SET

Konverterer ei liste til eit Python set. Sjå hjelp for LibreLogo.

TUPLE

Denne har eg ikkje utforska. (Tuple er normalt ei vanleg liste som ikkje kan endrast. Ei form for konstant.

FINN

Denne har eg ikkje utforska.

FINN ('e', :streng) (same :streng som ovanfor) gir tilbake «<_sre.SRE_Match object at 0x0A094D78>» som truleg betyr at bokstaven e er funnen i adresse 0x0A094D78 eller noe liknande.

FINNALLE

Heller ikkje denne har eg funne ut av. I følgje Hjelp for Logo må ein bruke RegEx-notering.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 17. februar 2014