Tilbake til startsida 

 

 

 

 

Meny:
Calc
Funksjonar
Forklaringar
AGGREGATE()
Dokumentasjon

 

 

LibreOffice

 

Calc

Reknearket i LibreOffice

Calc er reknearkkomponenten i LibreOfficeLibreLogo. Dette er eit vanleg rekneark med utruleg mange funksjonar. Har du arbeidd med andre rekneark tildlegare, vil du finne igjen mykje av dei same funksjonane, men også ein del andre. Calc er vel verd eit forsøk.

eksempelbilde
Kalenderen er laga med Calc. Du finn malen i menyen «Dokumentasjon».

Rekneark kan brukast til mykje meir enn å setje opp rekneskap og budsjett eller kalkylar over kor mykje du bør betale på låna dine. Calc er heilt topp når det gjeld å føre medlemslister for laget du er medlem av eller for å lage vaktlistene til arrangementet du planlegg. Det er ikkje heilt feil å påstå at rekneark i mange tilfelle kan erstatta databaseprogram og er oftast mykje enklare i bruk.

Er du usikker på bruken av Calc, har programmet eit godt innebygd hjelpsystem. Bruk det flittig. Dessutan finst det mange såkalla malar til Calc. Ein mal er eit mønster som gjer grovarbeidet med å setje opp Calc med dei ønskte formateringane og utsjånaden du ønskjer å ha med.

Under arbeidet med den norske versjonen av Calc laga eg noen oversiktar over funksjonsnamna brukte i Calc og andre rekneark. Desse blir brukte for å finne dei mest passande norske namna, bokmål og nynorsk, på dei ulike kommandoane og funksjonane. Du finn dei i menyen til venstre.

Du finn ei innføring, på norsk, under «Dokumentasjon» i menyen til venstre.

Helsing
Kolbjørn

 Valid HTML 4.01 Transitional 

Helsing
 Kolbjørn


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. april 2015