![]() |
Kvås ungdomsskule 1959 - 1960 |
|
Tidlegare Vest-Agder ungdomsskuleTidlegare Kvås folkehøgskoleTidlegare Kvås vidaregåande skoleNå Kvåstunet
|
Våren 2003 fekk eg brev frå Anita om at ho og mannen hennar ville besøke oss til sommaren. Besøk fekk vi, men eg hadde sjølvsagt ikkje fått tid til å finne fram filmane frå vinteren på Kvås, slik eg hadde planlagt det. Hadde det rett og slett for travelt denne våren. (Var ferdig med ein større eksamen helga før dei kom). Nå er det betre tider, og eg er endeleg i gang med å overføre filmane til datamaskinen. Resultata er presenterte på desse sidene. Ein takk til Anita, Svanhild og Valborg som gav meg idéen til desse websidene. Håper du finn at den tida det tar å laste ned sidene er verd ventinga. Tar si tid med modem. Bilda er utan namn eller annan opplysande tekst. Dette fordi eg
Mange av bilda eg tok denne vinteren var etter oppdrag frå skolen. Hugsar ikkje nå kva dei blei brukte til, men kanskje for Kvås-Klemt? Akkurat dei filmbitane er vel borte. Det eg har att er truleg det fråsorterte materialet. Etter det eg hugsar, tok eg også noen slides (lysbilde). Skal rote i arkivet og sjå om dei finst framleis. Følgj med på sidene. Kanskje kunne dette bli opphavet til ei mimreside? Har
du merknader til sida, send gjerne ei melding. Både den fotografiske og den tekniske kvaliteten er ikkje overveldande, men eg har vald å leggje ut det eg har likevel. Reknar med at minneeffekten er sterkare enn den reint fotografiske nytinga. Helsing
|
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 16. januar 2012 |