4fb Kristiansand 1960 - 1964 

 
     

 

 

 

 

 

 

4fb-sidene
Du må tillate Javaskript for å få kunne logge deg vidare

Etter 4 minnerike år gjekk vi våren 1964 ut frå Kristiansand offentlege lærarskule (det offisielle namnet på skolen den gongen) som klasse 4fb. Difor denne kryptiske overskrifta.


Du har nå funne fram til den første sida i 4fb sin webstad. For å kome inn på resten av websidene, treng du passord. Passordet er etternamnet til klassestyraren vi hadde. Ikkje heilt trygt val, men eg eknar med at opplysningane vi legg ut, ikkje er så sensitive at vi treng betre vern mot inntrenging. 

Når du klikkar på «4fb-sidene», dukkar det opp ei rute på skjermen. Skriv inn passordet og klikk på OK [eller trykk <Enter>]. I noen system dukkar ruta opp på nytt med passordet innskrive. (Dersom passordet manglar, skriv det inn på nytt). Klikk på OK [eller trykk <Enter>] igjen og dørene blir opna.

Passordprogrammet verkar på alle systema eg har prøvd ut. Skulle du likevel få problem, prøv ein gong til, eller forsøk ein e-post ( ).


Denne webstaden kom i stand litt tilfeldig då vi skulle ha 40-årsjubileum og hadde behov for ei deltakarliste som kunne oppdaterast raskt og enkelt og samstundes vere tilgjengeleg for dei involverte partane.

Vonleg vil etter kvart alle finne seg heime i dette forumet, og ta kontakt. 

Eg har utnemnd meg sjølv til «webmaster», og alle innlegg som skal inn på sidene må gå vegen om meg. 


Helsing
Kolbjørn

Frå Rondane
Håkon og Inger ordnar suppa.