bakgrunn

Desse sidene er meint å vere eit supplement til dei mange gode matsidene på internett. Eit tillegg som i første omgang byggjer på mattradisjonar frå Kvås (Lyngdal kommune, Vest-Agder) og dei næraste distrikta.

Vansken er at dei fleste informantane ikkje følgjer normaliserte mål og einingar. Kor mykje er «passeleg», «litt» eller «ein neve»? Når tid sluttar fisken å vere fersk? 
Det kan difor ta tid å få til ei oppskrift som kan følgjast av alle. 

Vi prøver etter beste evne å lage oppskriftene slik at også folk utanfor den lokale mattradisjonen skal kunne kopiere og prøve oppskriftene. Difor er det lagt inn fleire kommentarar enn i dei vanlege kokebøkene. Skulle du likevel ha problem, eller merknader til oppskriftene, send ein .

pinnekjøtt
Pinnekjøt med medisterpølse, erter og andre grønsaker. 

Lenkesamling

ABC Matoppskrifter Oppskrifter og merknader. Tips til sesongmat. Svært god side. Også med bakgrunnsstoff og lenker