Tilbake til startsida IKT i praksis - Pascal

Meny
 
 
 
 
 
 
Canvas
 
 
 
 

Teikneflater i Pascal

 

Teikneflatene i Pascal blir kalla «canvas». Dette kan vere teikneflata for heile forma eller i noen tilfelle for eit element på forma. Det er råd både å teikne og skrive på canvas. Det er dette denne sida handlar om. Canvas blir også brukt til ei omfattande bildehandtering. Dette hadde eg ikkje bruk for, og det emnet er difor ikkje tatt opp her.

 

Litt om bruk av canvas

Det finst fleire element i Pascal som inneheld canvas. (Ordet betyr lerret, eller i dette tilfellet kanskje helst ei teikneflate, men eg ser ingen grunn til å kalle det noe anna enn canvas i denne samanhengen). Det er fullt mogleg å teikne på canvas til ei form, t.d. Form1.canvas men til vanleg gir det betre kontroll of oversyn over programmet dersom ein legg inn eit element som t.d. TPanel eller TPaintBox og teikne på dette. TPanel finn du i hovudmenyen for Lazarus under fanen Standard, medan TPaintBox er å finne under fanen Additional.

Når det i eksempla står t.d. Canvas.Brush.Color := clYellow; er dette eigentleg bare ein del av koden. Den fullstendige kodinga kan vere f.eks. Form1.PaintBox1.Canvas.Brush.Color := clYellow; der PaintBox står for det elementet koden gjeld for. Sjølvsagt kan du også bruke den nokså vanlege metoden for forenkling ved hjelp av with … do:
with Form1.PaintBox1.Canvas do
begin
  Brush.Color := clYellow;
   … [resten av koden]
end;

 

Canvas-kommandoar

Du kan sjå alle kommandoane ved å gå inn på redigeringsvindauget i Lazarus og skrive t.d. Form1.canvas. (legg merke til punktumet til slutt). Det vil då dukke opp ei liste over alle tilgjengelege kommandoane i canvas.
Du kan også finne ei fullstendig liste over alle kommandoane som gjeld canvas i TCanvas.

Ønskjer du meire informasjon om eit av innslaga i listene nedanfor, er det bare å klikke på innslaget.

Generelle

Teiknerelaterte

Tekstrelaterte


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013