Tilbake til startsida IKT i praksis. Stilark


Innretting

Horisontal innretting blir gjort med kommandoen text-align og er omtalt i kapitlet om skrift.

Vertikal innretting styrer korleis eit element skal plasserast inne i ein linjeboks oppretta av eit inline-element. Du kan altså ikkje utan vidare bruke denne kommandoen på eit vanleg blokk-element men må defienere det som «inline blokk».

vertical-align

Denne eigenskapen styrer plasseringa av eit element oppover og nedover på sida i høve til foreldreelementet. Dersom kommandoen blir brukt i tabellar, gjeld eigne reglar. Sjå tabellar.

Verdi Beskriving
<length>  Hever eller senker elementet med spesifisert lengde. Alle måleeiningar kan brukast. Tillet negative verdiar.
%  Hever eller senker elementet med spesifisert prosent av linjehøgda i «line-heigh». Tillet negative verdiar.
baseline  Innretter basislinja i elementet etter basislinja i foreldreelementet. (Normalverdien).
sub  Innretter elementet tilsvarande senka skrift
super  Innretter elementet tilsvarande heva skrift
top  Toppen av elementet blir innretta etter det høgaste elementet på linja.
text-top  Toppen av elementet blir innretta etter toppen sett for skrifttype i foreldreelementet.
middle  Elementet blir plasert i midten av foreldreelementet.
bottom  Toppen av elementet blir innretta etter det lågaste elementet på linja.
text-bottom  Toppen av elementet blir innretta etter botnen sett for skrifttype i foreldreelementet.
inherit  Plasseringa blir arva frå foreldreelementet. (Ikkje i IE).

Eksempel på bruk:

img { vertical-align: middle }

Gjer at toppen av bildet blir plassert i same høgd som toppen av skrifttypen som er definert.

Dette er teksten. Her kjem bildet med innretting (middle): og utan innretting:


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013