Tilbake til startsida IKT i praksis. Open Office

Meny
 
 
 
 
 
Open Office
 

Dersom databasen manglar i oversynet

Dersom medlemslista ikkje finst i lista over datakjelder, lukker du lista over datakjelder ved å klikke på «Vis» -> «Datakjelder», eller trykker «F4». Det neste steget er å legge den ønskte datafila inn i systemet. Korleis dette blir gjort, er ikkje så logisk innlysande. Gå til menyinnslaget «Verktøy» og derifrå til «Vegvisar for brevfletting …». Når du trykker på denne, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan gjere ein del val med omsyn til flettinga.

Eksporter DBF

I dette vindauget trykker du på «3. Set inn adresseblokk» og trykker på knappen «Vel ei anna adresse». Det kjem då op eit nytt vindauge der alle tilgjengelege datafilene er lista opp. Sidan lista di manglar her, trykker du knappen «Legg til» for å opne den vanlege fil-lista over alle filene i datamaskinen du bruker. Leit deg fram til den ønskte fila, og dobbeltklikk på denne, eller trykk på knappen «Åpne» for å legge fila til i lista. Når dette er gjort, klikkar du på knappen «Avbryt» i vindauget «Vegvisar for brevfletting».

Vel adresseliste

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013