Tilbake til startsida IKT i praksis. Open Office

Meny
 
 
 
 
 
Open Office
Etikettar
 

Fletting av etikettar i OOo

Preparering av kjelde

I dette ekseplet har eg brukt eit rekneark eg kalla medlemmer.ods som kjelde:

Reknearket

I rad 1 har alle kolonnene fått namn etter innhaldet. Dette er i dette tilfellet strengt tatt ikkje nødvendig, men i mange andre tilfelle kan det vere ein god ide dersom kolonnenamna ikkje er så opplagte.

Reknearket

Klikk på bokstaven som viser kolonnenamnet. Heile kolonna blir nå farga for å vise at ho er markert. Deretter må ein gi kolonna eit namn, helst eit som er lett å hugse. Dette gjer du ved å gå inn på menyen øvst på sida og klikke på «Set inn». Eit stykke nede på menylista finn du «Namn» og klikker på denne.

Klikk på «Definer». Det kjem då opp ein innskrivingsboks der du kan skrive inn det ønskte namnet og deretter trykke knappen «OK». Gjer slik for kvar kolonne som skal ha namn. I eksemplet valde eg dei same namna som står øvst i kolonna, altså «etternamn» for kolonne B, «fornamn» for kolonne C osv.

Nå er reknearket glargjort for flettinga.

Det neste steget er å lage arket med etikettane.

 

 

Hovuddokumentet

Reknearket

Når du er i reknearket, klikk i menylinja «Fil» og deretter «Ny». Leit deg nedover lista som kjem opp til du finn «Etikettar» og trykk denne. Det kjem då opp eit skjermvindauge der du kan bestemme korleis etikettane skal sjå ut og kvar flettedata skal hentast frå.

Dersom du har etiketten for pakninga med merkelappane, kan du gå til fanen «Etikettar» i dialogvindauget som kjem opp. Heilt nede til venstre finn du ein knapp som er merka «Ark». Sjå etter at denne er markert. Nede til høgre er det to nedtrekkslister. Den øvre av desse er kalla «Merke» og her kan du kanskje finne papirmerket som du bruker. Finn du det ikkje, vel bare eit tilfeldig merke og opna den nedre nedtrekkslista som er kalla «Type». Her er nokså mykje å velje i, og er du heldig, finn du den typen etikett du er ute etter.

Har du ikkje namnet på dei merkelappane du bruker, eller du ikkje finn dei i nedtrekkslistene, må du definere merkelappane sjølv. Klikk då på fanen «Format».

Reknearket

Dei to viktigaste måla er breidde og høgde på etiketten. Skriv inn måla du målte deg fram til og sjå på teikninga til høgre. Denne vil forandre seg i høve til dei innskrivne tala. Nå kan du også justere Vassrett avstand og Loddrett avstand slik at dei passar med teikninga. På dei fleste arka med etikettar går etikettane heilt ut til margane, men skulle dei ikkje gjere dettte, eller at skrivaren ikkje kan skrive heilt ut til arkkanten, kan du også justere topp- og venstremarg. Nede til venstre finn du rutene «Kolonnar» og «Rader». Her vil det bli vist kor mange etikettar det blir i breidda og høgda på arket. Dersom arket ikkje er brukt heilt ut, kan du setje inn kor mange kolonner eller rader som er på arket.

Nå skulle alt vere klart til å setje inn flettinga.

Reknearket

Klikk deg tilbake til fanen «Etikettar», dersom du ikkje alt er der. I ruta for «Database» står namnet på eit rekneark eller ei oppfordring om a legge inn ei datakjelde. Klikker du på pila til høgre i ruta, kjem det opp ei liste over tilgjengelege rekneark. Vonleg finn du det reknearket du vil bruke. Gjer du ikkje det, Sjå her

Det neste er å finne ut kvar i reknearket data skal hentast frå. Sidan vi brukte «Ark 1», vel vi sjølvsagt dette dersom det skulle vere fleire val i rullefeltet i ruta under «Tabell». Det siste valet i dette vindauget er «Databasefelt», altså kvar felt som skal brukast i flettinga. Klikk på rullepila, og alle felta i reknearket kjem opp. Her vil du kanskje oppdage at dei kolonnene som ikkje fekk namn, er oppført med kolonnebokstaven. På bildet over er dette A og G. Strengt tatt treng ein altså ikkje gi kolonnene namn, men det er lettare å forså at kolonna «Etternamn» inneheld etternamna enn at B gjer det.

Reknearket

Eg ønskjer at utskrifta på etiketten skal sjå nokolunde slik som på bildet til høgre. For å få dette til, går eg til «Databasefelt» og klikker på feltet «Fornamn». Deretter på knappen med pila til venstre for feltet. Då vil det bli lagt inn eit felt i den ruta oppe til venstre med namnet «Etikettekst». Sidan eg ønskjer eit mellomrom mellom fornamnet og etternamnet, går eg opp i ruta og lager det. Neste steg er å klikke inn feltet «Etternamn». Sidan adressa skal på ny linje, går eg opp i ruta og legg inn eit linjeskift, dvs. Trykker tasten <Enter>. Deretter er det bare å gjere tilsvarande med resten av felta.

Reknearket

Når alt er som det skal, trykk på knappen «Nytt dokument». Det vil då etter kvart bli laga eit nytt dokument der alle merkelappane inneheld felt for fletting frå reknearket du brukte. Du kan altså ikkje sjå korleis merkelappane eigentleg blir sjåande ut. Men nå kan du gå til menyinnslaget «Fil» og derifrå velje «Skriv ut …». Det kjem då opp eit nytt vindauge.

Trykk på knappen merka «Ja». Dette vil opne endå eit vindauge:

Utskriving

Sidan det ikkje er råd å få fram direkte førehandsvising av resultatet, kan det vere lurt å først skrive ut ei side ved å klikke på «Frå» og syte for at det står «1» i begge rutene. Skriv til fil ved å markere knappen «Fil». Trykk deretter «OK». Du kan opne den nye fila i Open Office og studere resultatet.

Når du er fulløgd med resultatet, skriv du ut alle etikettane ved å syte for at knappen «Alle» er aktivert.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013