Link til Hageselskapet
Lyngdal hagelag
Laget med miljøfaktor
Link til Hageselskapet

2012

 

Programmet for
2012

Bildesamlingar:
Lopper 2010
Maifest 2011
Lopper 2011
Sansehagen 1
Sansehagen 2


Arkivet:

2011  2010
2009  2008
2007  2006
2005  2004
2003  2002
2001  

Hagelaget er møteplassen for alle som er opptatt av levande planter, natur, kultur og eit triveleg miljø.


På møta i hagelaget kan du
  • snakke fag med fagfolk.
  • få tips til utforming av parkanlegget ditt.
  • få råd om planteval for verandakasser.
  • teste ut krydderkakene dine på eit frittalande og sakkunnig testpanel.
  • få råd om stell av alt levande --- også planter.
  • diskutere særinteressene dine med like sære folk.
  • møte trivelege folk i triveleg miljø.
  • melde deg inn i hagelaget.
  • få tips til foredling av hageprodukta dine.
  • dele idéane dine med andre.
    (Fyll ut vidare etter behov. I hagelaget er det få grenser.)

Hagelaget på Lyngdal dyrskue 1998
Hagelaget ei kveldsøkt på Dyrskuet 1998.
Kunde- og blomsterbehandlarane Signe og Else Mary i aktivitet


Hagelaget på Lyngdal dyrskue 2004
Stand på Dyrskue 2004
Trudy i aktivitet.
(Standen er faktisk innandørs!)

 
  • Minner hagen din om eit dårleg sauebeite fordi du er usikker på kva som er ringblomst og kva som er tunrapp? Fortvil ikkje. Det finst alltid ein i hagelaget som  kan hjelpe deg.
  • Er du ekspert på roser, finn du alltid noen som gjerne høyrer om dei vellukka okuleringane dine.
  • Er du ny i kommunen, er hagelaget ein god stad for å få kontakt med dei hyggelege innbyggarane i Lyngdal.
  • Er du kunstnar, eller har andre kreative evner, har du eit interessert publikum i hagelaget.
  • Har du andre interesser, prøv noen møter i hagelaget. Kanskje finn du likesinna.
  • Du treng ikkje ha hage for å vere medlem i hagelaget.
  • Har du hage, kan du få mange gode tips i hagelaget.
  • Vil du bytte frø eller planter, prøv ... (klikk her).
  • ............................................................
Bur du utanfor Lyngdal er du velkomen som medlem her, men du bør kanskje vurdere å melde deg inn i det lokale hagelaget ditt. Sjå Hageselskapet sine heimesider

    Alle møta i hagelaget er opne for alle.
Dersom ikkje anna er anonsert, kostar det til vanleg 50 kr for medlemmer og 100 kr for ikkje-medlemmer i inngangspengar. Ofte enkel servering og ei gratisutlodding.

Vil du gjerne bli medlem, ta kontakt med leiaren i Hagelaget eller andre medlemmer.
Du kan også melde deg inn gjennom Hageselskapet

Medlemskap i Hageselskapet (inklusive medlemskap i lokallaget) kostar per år
Medlemskap med Hagetidend: kr 530,-
Utan Hagetidend: kr 350,-
Husstandsmedlem: kr 100,- .

Er du abonnent på Norsk hagetidend er du automatisk medlem i eit lokallag. Du vel sjølv kva for eit.


Kvart år på

første helga (fredag - søndag) i september
Lyngdal kommune



Valid HTML 4.01 Transitional
  Program for året (klikk på årstalet)
2001 - 2002 - 2003
2004 - 2005 - 2006
2007 - 2008 - 2009
2010 - 2011 - 2012

 

Offisiell side for Lyngdal hagelag sidan 2001

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 3. januar 2012