Link til Hageselskapet
Lyngdal hagelag
Laget med miljøfaktor
Link til Hageselskapet

 

Du må tillate JavaScript for å få utbytte av sidene

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du treng ikkje vere eit triveleg menneske for å melde deg inn i hagelaget, men du blir det.


På møta i hagelaget kan du
  • snakke fag med fagfolk.
  • få tips til utforming av parkanlegget ditt.
  • få råd om planteval for verandakasser.
  • teste ut krydderkakene dine på eit frittalande og sakkunnig testpanel.
  • få råd om stell av alt levande --- også planter.
  • diskutere særinteressene dine med like sære folk.
  • møte trivelege folk i triveleg miljø.
  • melde deg inn i hagelaget.
  • få tips til foredling av hageprodukta dine.
  • dele idéane dine med andre.
    (Fyll ut vidare etter behov. I hagelaget er det få grenser.)

Hagelaget på Lyngdal dyrskue 1998
Hagelaget ei kveldsøkt på Dyrskuet 1998.
Kunde- og blomsterbehandlarane Signe og Else Mary i aktivitet


Hagelaget på Lyngdal dyrskue 2004
Stand på Dyrskue 2004
Trudy i aktivitet.
(Standen er faktisk innandørs!)

 
  • Minner hagen din om eit dårleg sauebeite fordi du er usikker på kva som er ringblomst og kva som er tunrapp? Fortvil ikkje. Det finst alltid ein i hagelaget som  kan hjelpe deg.
  • Er du ekspert på roser, finn du alltid noen som gjerne høyrer om dei vellukka okuleringane dine.
  • Er du ny i kommunen, er hagelaget ein god stad for å få kontakt med dei hyggelege innbyggarane i Lyngdal.
  • Er du kunstnar, eller har andre kreative evner, har du eit interessert publikum i hagelaget.
  • Har du andre interesser, prøv noen møter i hagelaget. Kanskje finn du likesinna.
  • Du treng ikkje ha hage for å vere medlem i hagelaget.
  • Har du hage, kan du få mange gode tips i hagelaget.
  • Vil du bytte frø eller planter, prøv ... (klikk her).
  • ............................................................
Bur du utanfor Lyngdal er du velkomen som medlem her, men du bør kanskje vurdere å melde deg inn i det lokale hagelaget ditt. Sjå Hageselskapet sine heimesider

Hagelaget er møteplassen for alle som er opptatt av levande planter, natur, kultur og eit triveleg miljø.

    Alle møta er opne for alle. Til vanleg ingen inngangspengar, men i staden ei utlodding.

Vil du gjerne bli medlem, ta kontakt med leiaren i Hagelaget eller andre medlemmer.
Du kan også melde deg inn gjennom Hageselskapet

Er du abonnent på Norsk hagetidend er du automatisk medlem i eit lokallag.


Kvart år

første veka i september
Lyngdal kommune

Alle hagelagsidene
Valid HTML 4.01 Transitional
Program for året (klikk på årstalet)
2001 - 2002 - 2003
2004 - 2005 - 2006
2007 - 2008 - 2009
(Alle hagelagssidene er sett opp med JavaScript. Du må difor tillate skript for å få fullt utbytte.)

 

Offisiell side for Lyngdal hagelag sidan 2001