Tilbake til startsida

GIMP


 



Å gjere bildet skarpare

Har du opplevd at det bildet som eigentleg blei det beste i heile serien ikkje kan brukast fordi det er ørlite uskarpt. Årsaka kan vere at du eller kameraet bomma på avstanden, eller du var ein tanke uroleg dei hundredels sekunda det tok å ta bildet eller kanskje du rett og slett ønskjer å forstørre bildet ut over grensene.

Fortvil ikkje. Kanskje kan GIMP hjelpe deg. Vi vil først vise to enkle, men ofte brukbare metodar, og deretter ein meir sofistikert metode.

Den opplagte

Oppe på menylinja finn du menygruppa  Filter  og eit stykke nede på lista ei gruppe med namnet  Forbetra .

I denne undermenyen er det to filter som kan gjere bildet skarpare. Dei er ramma inne med raudt på bildet til høgre.

Filteret Gjer skarpare er svært enkelt i bruk, men gir i mange tilfelle overraskande godt resultat. Prøv altså dette filteret først. Som oftast vil verdiar mellom 10 og 30 gi best resultat. Høgare verdiar kan gjere bildet unaturleg.

 

vanskegrad 3

filtermenyen
 

originalbildet
Originalbildet

Er bildet stort, vil det ofte vere vanskeleg å sjå verknaden på det lille utsnittet som blir vist i førehandsvisinga. Du kan då prøve deg fram med ulike innstillingar. Bare hugs å stille bildet tilbake til originalen med ein av angrefunksjonane mellom kvar gong. Det enklaste er å bruke tastekombinasjonen   Ctrl   +   Z  .

Det mindre opplagte

At eit filter med namnet  Uskarpmase  skal gjere bildet skarpare, er kanskje vanskeleg å forstå for dei som ikkje har erfaringar frå mørkerommet. (Du finn forklaringa i Hjelp for GIMP).

 

Resultat av uskarpmaska

Bildet over viser resultatet med dei innstillingane som er viste til høgre.

Svært ofte vil normalinnstillingane gi eit bra resultat, men også her kan det vere nødvendig å prøve seg fram. Sidan det er tre glidebrytarar å velje mellom, kan det vere lurt å bare forandre på ein om gongen i første omgang. Hugs å tilbakestille bildet med angrefunksjonen før du prøver filteret på nytt på bildet.

Bruker du filterinnstillingar langt frå normalinnstillingane, kan dette føre til fargefeil. Noen av desse er det råd å rette opp med eit eller fleire av verktøya i fargemenyen, men kanskje du like godt kan prøve deg på den neste metoden.

Den avanserte metoden

Får du ikkje bildet heilt slik du ønskjer ved hjelp av filtra nemnde ovanfor, kan du prøve ein tredje metode. Ein del tidkrevjande, men ofte med eit forbløffande resultat. Fargane blir heller ikkje endra.

Det første du må gjere er å dele opp bildet i ulike fargelag. Det er dette som fagfolka kallar å separere bildet. Kommandoen for dette finn du nokså langt nede i menyen  Fargar  under   Komponentar .

Når du klikkar på menyvalet separer, kjem det opp ein ny menydialog der du kan velje fargemodellen bildet skal separerast til. Vel «HSV»og sjå etter at det er kryssa av for «Separer til lag». Trykk knappen «OK». Bildet du får fram liknar ikkje mykje på originalen, men det er bare tilsynelatande.

Dialogvindauget med lukka auge

Gå inn på lagdialogen og klikk bort augesymbola framføre «Kulør» og «Metning» slik at bare laget «Lysverdi» er synleg. Nå burde bildet vere meir kjennesleg.

Bare laget lysverdi er synleg

Nå kan du gjere dette laget skarpare. Pass på at laget «Lysverdi» er aktivt og synleg, slik bildet til høgre viser, og aktiver filteret «Gjer skarpare». Du kan gjerne prøve med nokså høge verdiar for filteret. Eg brukte 75 på eksempelbildet.

Dersom du ikkje får tilfredsstillande resultat med dette filteret, kan du prøve uskarpmaska omtalt ovanfor.

Når skjerpinga er utført, kan du setje dei ulike laga saman til fargebilde igjen. Finn fram menyinnslaget «Komponentar» på fargemenyen og trykk på «Sett saman».

Dialogvindauget for Sett saman

Dialogvindauget kan kanskje verke noe overveldande, men det einaste du har å gjere er å passe på at fargemodellen blir sett til HSV før du trykker knappen OK.

Det ferdige bildet
Det ferdige bildet

 

 

Dialogen Gjer skarpare
Dialogvindauget for Gjer skarpare

 

Dialogvindauget for uskarpmaska
Dialogen for uskarpmaske

 

 

Menyen separer
Innslaget Separer i menyen Fargar

Trekk ut HSV

 

Lagmenyen for HSV-bildet

 

 

Lagmenyen for lysverdien

 

 

 

Menyen sett saman
Innslaget «Sett saman» i menyen Fargar

For å forenkla samanlikninga finn du eit utsnitt av originalen og tre forslag til forbetringar nedanfor. Eg har prøvd med fram til det eg meiner er det beste resultatet for dei ulike metodane. Du finn innstillingane nedanfor.

Utsnitt av originalbildet
Originalbildet

Etter bruk av Gjer skarpare
Gjer skarpare

Etter bruk av uskarpmaske
Uskarpmaske

Etter bruk av avansert tips
«Avansert»

 

Innstillingar for filtra brukte i bildeserien ovanfor:

«Gjer skarpare»
-Skarpleik: 50
«Uskarpmaske»: - Radius: 6,0
- Mengde: 0,6
- Terskelverdi: 0

«Avansert»: - separert til HSV
- laget «Lysverdi» i HSV-bildet behandla med filteret «Gjer skarpare» sett til 80
- sett saman igjen i HSV-modus.

(For deg som lurer på motivet: Ja, det er ein traktor, men spesialbygd for såkalla traktor pulling. Eigentleg er det bare eit lite utsnitt av eit stort bilde)

.


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 11. april 2013