Tilbake til startsida

GIMP




Å fikse gamle bilde

Det gamle bildet er tydeleg prega av å ha vore studert mange gonger. Litt flekkete, noen riper, nokså falma og elles ikkje heilt som då det kom frå fotografen. Er det råd å gjere noe med det?

Sjølvsagt er svaret ja.

Verktøya
  helbred, klone og gni ut.
Retinexfilteret
Lagmaske
Erfaring med GIMP

vanskegrad 6

 

Originalbildet
Originalen

Det ferdige bildet
Resultatet

 

Skanning

Første steget er å skanne inn bildet. Sidan originalen er nokså liten, ca. 4,5 cm x 6,5 cm, brukte eg 900 ppi som oppløysing på skannaren. I teorien skulle eg då kunne forstørre bildet 3 gonger i begge retningane med utskriftoppløysing 300 ppi, som er nokså normalt for finare trykk. Eg valde å skanne i fargar i tilfelle desse kunne vere til hjelp når eg seinare skulle finne ut av korleis personen eigentleg såg ut. Sjølvsagt lagra eg bildet i xcf-format for vidare bearbeiding i GIMP.

Har du ikkje brukbar skannar, går det som oftast svært bra å fotografere bildet med digitalkamera. Kva metode du bruker for å digitalisere bildet, må bli opp til deg og utstyret du har tigjengeleg.

Forord

Det finst ikkje ein bestemt måte som er best for å retusjere gamle foto. Metoden vil variera etter kva du er van med, etter kva skader som skal reparerast og ein heil del andre ting. Dette bildet er av den vanskelege, men likevel nokså alminnelege sorten. Greier du dette, greier du det meste innan denne kunsten, også enklare bilde.

Tips

Det første steget er å lage ein kopi av originalen og laste denne inn i GIMP. I lagdialogen lager eg ein kopi ved å klikke på knappen dupliser i lagdialogvindauget.

Originalen i lagdialogen

Originalen kan vere grei å ha for samanlikning etter kvart som arbeidet skrid framover.

Å finne grenser

Som så ofte i GIMP, er det enklaste å dele bildet opp i fleire bildelag. Problemet denne gonger var at fargane i bildet var så falma at det var vanskeleg å finne grensene mellom forgrunn og bakgrunn. Dei vanlege fargefiltra fekk problem her, eller kanskje det var eg som ikkje såg godt nok. Heldigvis hadde eg skanna i RGB. Nedst i fargemenyen er det eit filter med namnet «Retinex». Dette filteret blir brukt for å forsterke fargar. Akkurat det eg hadde behov for. Laga ein kopi av arbeidskopien og kalla han «Retinexfiltrert». Gjorde dette laget til det synlege og aktive og kalla opp filteret. Litt prøving og feiling før eg fann dei rette innstillingane, som vist på figuren til høgre. Kunne nesten tru filteret hadde funne fram til originalfargane i svart/kvit-bildet. Dette bildelaget skal likevel bare brukast til å finne omrisset på portrettet for å lage eit høveleg utval.

Lag utvala

Retinexkopien blei altså brukt for å lage eit utval av personen. Først ei lita påminning om ulike utvalsmodus.

Utvalsmodus

Modus legg til Modus trekk frå
Legg til Trekk frå

For alle utvalsverktøya bestemmer modus kva som skal skje med det utvalet du er i ferd med å lage. Du finn modusvalet like under verktøykassa når utvalsverktøyet er aktivert. Modus

«Legg til i dette utvalet» gjer at det nye utvalet du lagar bli lagt til det eksisterande utvalet i bildet.

«Trekk frå i dette utvalet» gjer at det nye utvalet bli trekt i frå det eksisterande utalet.

Utvalet

I dette tilfellet er det enklast å lage eit utval av bakgrunnen og sidan reversere utvalet slik at det er personen som er markert. Verktøyet tryllestaven er som skapt for slike jobbar. Vel tryllestaven i verktøykassa og klikk på modus «Legg til i dette utvalet» og klikk på bakgrunnen nokså nær personen.

  Tryllestaven

Klikk med tryllestaven og lag eit ope område rundt omrisset av portrettet. Ikkje bry deg om resten av bildet. Heller ikkje treng du bry deg så mykje om markeringa skulle kome inn på portrettet noen stader. 

Skulle du kome i skade for å markere feil, kan du bare angre klikket med angrefunksjonen  Ctrl  +  Z . Noen gonger er fargeskilnaden så liten at det er uråd å bruke tryllestaven. Då kan du skifte til lassoen med mudus sett til «Legg til i dette utvalet» og bruke denne for å finjustere utvalet.

Lassoen kan brukast til å teikne opp utvalet på frihand omlag som når du bruker blyanten. Teikninga blir ikkje gjort om til eit utval før du kjem tilbake til startpunktet eller trykker  Return . Du kan også markere punkt på linja med lassoen ved å klikke på høveleg stad. Har du markert område som eigentleg ikkje skulle vere utvalde, er det bare å setje modus til «Trekk frå» og markere det aktuelle området.

Du bruker også lassoen for å markere bakgrunnen. Legg merke til at når du held museknappen nede utan å klikka, kan du teikne også utanfor bildekanten og gå inn i bildet ein annan stad. Dette er ein grei måte å bruke når markeringane skal gjerast nær bildekanten. På bildet over ser du at mellom anna er også skjorta er blitt markert. Denne fjernar eg ved å setje modus for lassoen til «Trekk frå» og teiknar rundt det som skal bort.

Når utvalet er ferdig, høgreklikkar du på bildet og vel inverter frå menyen som kjem fram. Dette for at utvalet skal gjelde personen og ikkje bakgrunnen.

Mykje av resultatet er avhengig av at du lagar eit godt utval, så bruk ein del tid på dette.

Føremålet med å lage utvalet var å kunne opprette eit bildelag med bare personen, utan bakgrunnen. Lukk visinga av laget «Retinexfiltrert» og gjer laget «Arbeidskopi» synleg og aktivt. Kopier (enklast med Ctrl + C) og lim inn som nytt lag. (Enklast med  Rediger  Pil  Lim inn som   Pil  nytt lag  ). Kall det nye laget «Portrettet». I dette laget er bare personen med. Bakgrunnen er gjennomsiktig. Nå kan du fjerne utvalet ved å velje  Utval  Pil  Vel ingen   i bildemenyen.

Truleg kjem det nye laget skeivt i høve til laget under. Dette må tilpassast nøyaktig slik at laga kjem over kvarandre piksel for piksel. Vel flytteverktøyet og dra laget ned til det ser passande ut. For å få det heilt nøyaktig, kan du slå visinga av laget av og på og flytte det ved hjelp av piltastane. Pass på at også «Arbeidskopi» er synleg.

 

Lagdialogen
Lagdialogen med original og kopi

Retinexfilteret
Retinex-filteret

Tryllestaven
Klikk med tryllestaven på
punkta som skal markerast

 

Frihandsutvalet, lassoen
Frihandsutvalet, lassoen, i bruk

Kopier i lagdialogen
Kopier utvalet frå arbeidskopien

Det nye laget
Det nye laget tilpassa

 

 

Retusjeringa

For å forenkle arbeidet legg eg inn to nye lag under portrettet, eit svart og eit kvitt. Eg kan då veksle mellom å ha desse laga som bakgrunn og finjustere omrisset med viskeleret.

Dersom du forstørrar bildet, vil du sjå at kantane i omrisset er litt taggete. Dette fordi eg ikkje brukte mjuk kant då eg laga utvalet. I dette bildet er taggane bare synlege når bakgrunnen er svart. Det er difor ikkje nødvendig å glatte ut kantane sidan dei toner ut kvitt i kvitt, men skulle du ha behov for det, kan du gå over med verktøyet «Slør eller skjerp» sett til slør med dekkevne ca. 50.

Men så er det endeleg klart for sjølve retusjeringa.

I første omgang retusjerer eg stort sett på ansiktet.

Tips

Sidan retusjeringa blir utført på bildet i full skala eller på ei forstørra vising, vil det ofte vere ein føremon å også ha ein kopi av bildet synleg i meir normal vising. Du kan få opp ein kopi ved å klikke på  Vis  Pil  Ny vising  i bildemenyen.

 

Helbreding

For å fjerne lyse og mørke prikkar på bildet, er helbredverktøyet det mest effektive. Bruksmåten er nokså mykje det same som kloneverktøyet, men verktøyet arbeider meir forsiktig og gir som oftast betre resultat på småfeil. Du finn verktøyet i verktøykassa mellom dei to kloneverktøya. Finn fram til ein feil du vil rette opp.

Helbreding
Helbred småfeil

Aktiver helbredverktøyet og vel ein pensel som er nokså nær storleiken på feilen. Sett gjerne innrettinga til relativ (nedst i verktøyinnstillingane), men dette er ikkje så veldig viktig for dette verktøyet. Hald nede Ctrl-tasten og klikk på det området du vil hente mønsteret frå, slepp opp Ctrl-tasten og klikk ein eller noen få gonger på feilen. Du vil bli overraska over kor effektivt verktøyet er. Feilrettinga kan bli totalt usynleg dersom du arbeider nøyaktig.

Kloning

Der skadane er større, slik som rifta ovanfor det høgre auget, vil vil det vere betre å bruke kloneverktøyet. Sidan alt pigmentet i bildet her er borte, må eg bare gisse korleis området har sett ut. Truleg har han ikkje hatt noen skader eller hårmangel akkurat her, så eg vel å klone over med data frå nærliggande område.

Kloning
Kloning

Pass på at inrettinga for kloninga er sett til «Relativ». Det sikraste er å bruke diffus pensel og ei dekkevne på rundt 50. Då blir kantane på kloninga uklar, med mindre synlege overgangar, og verknaden ikkje så stor for kvart klikk. Avhengig av storleiken på bildet og kva som skal klonast, kan det i starten vere greitt å setje breidda på klonepenselen nokså stor i første omgang og heller finjustere etter kvart som arbeidet skrid fram. Det er nok ein fordel å ha litt kunstnarleg sans, men ikkje meir enn at dei aller fleste er i stand til å få eit brukbart resultat.

 

Tips

Det var ikkje aktuelt på dette bildet, men ofte kan det vere enklast rett og slett å kopiere eit passande, nokolunde feilfritt område og lime dette inn over feilen.

Kantutjamning
Kantutjamning

 

 

Retusjeringsverktøya
Dei viktigaste retusjeringsverktøya
 som er brukte her

 

 

Verktøyinnstillingar
Innstillingar for helbredverktøyet
og kloneverktøet

 

Utglatting

Du vil oppdaga at kloninga av og til gir litt for skarpe eller ruglete overgangar. Flytter du penselen for fort, kan det også oppstå merke etter penselen. Dette ordnar vi med utgnidingsverktøyet. Dette verktøyet finn du nedst i verktøykassa. Som oftast vil det ver lurt å avgrense verknaden ved å setje dekkevna til rundt 50, men dette er også avhengig av kva du skal gni ut. Ein litt for stor pensel vil til vanleg vere betre enn ein som er for liten. Men igjen: det luraste er å prøve seg fram. Også dette verktøyet har angrefunksjon, så det er ingen fare ved å eksperimentera ein del.

Arbeidet kan kanskje i første omgang verke nokså vanskeleg, men dei fleste får gode resultat etter litt øving. Problemet kan vere å unngå striper i bildet etter utglattinga. Difor stor pensel med liten dekkevne. Dette gjer stripene mindre synlege.

Når utglattinga er slik du ønskjer det, er tida komen til å fikse på dressen. 

 

Gni ut klonemerka
Merka etter litt uheldig
kloning kan glattast ut

 

Fikse dressen

Dressen er er nokså falma og ujamn. Eg valde difor å retusjere bort alle feila og i første omgang sjå bort frå at han er varierande lys og mørk. Det siste ordnar vi seinare ved hjelp av ein kopi av dressen og ei lagmaske.

Ved hjelp av dei same retusjeringsverktøya som nemnde ovanfor, fjerna eg flekkar og feil i bildet slik at dresse blei mest mogleg einsarta i dei lys og mørke områda. Kanten av dresskragen blei forsterka ved hjelp av verktøyet Avskygging/etterbelysing sett til etterbelysing med verkeområdet sett til lyse toner og dekkevne til 50. Eg brukte retinexkopien for å sjå kor kragekanten hadde vore. Då retusjeringa var ferdig, laga eg ein kopi av laget og la kopien inn som nytt bildelag («Dressen») like under det opphavlege laget.

Dressen retusjert
Dressen delvis retusjert

Eigentleg kunne vi ha godtatt retusjeringa slik ho nå er. Eg valde likevel å gjere dressen litt einstonig mørkare. Difor dette ekstralaget «Dressen» Gjer portrettlaget synleg og aktivt ved å klikke på det i lagdialogen. Nå skal vi lage eit utval bare av dressen. Til det brukte eg same teknikken som ovanfor med ei blanding av verktøya tryllestaven og lassoen i ulike modus. Om det passar slik med bildet ditt, vil det ofte vere ein fordel å ha mjuk kant på utvalet. Det er ikkje vald på dette bildet.

Gå tilbake til lagdialogen og høgreklikk på laget «Portrettet» og vel   Legg til lagmaske  på lokalmenyen som kjem fram. Sjå etter at det er merka av for kvit (heilt ugjennomsiktig) i dialogvindauget som dukkar opp og klikk   Legg til . Du vil ikkje sjå noen endringar i bildet, men i lagdialogen har det nå dukka opp ei kvit rute etter miniatyren av portrettet. Denne ruta representerer lagmaska. Klikk på den kvite ruta for å vere sikker på at lagmaska er aktivert.

Utval med dressen
Dressen utvald

At maska er aktivert blir vist med ei kvit ramme rundt, men kven kan sjå ei kvit ramme rundt eit kvitt bilde? Pass på at forgrunnsfargen i verktøykassa er sett til svart eller mørk grå og vel deretter verktøyet «Bland». Sett musepeikaren nedst på bildet og dra han oppover til øvre kant av utvalet medan du held den venstre museknappen nede. Slepp knappen. Kanskje ser du ikkje noen forandringar i bildet, men lagmaska i lagdialogen viser at dressen er blitt svart nedst og gradvis lysare oppover. Dette betyr at bildet er nå er blitt gjennomsiktig der lagmaska er svart og blir gradvis mindre gjennomsiktig oppover i bildet.

Nå treng vi ikkje utvalet meir, så klikk det vekk (  Utval  Pil  Vel ingen ). Gjer laget med bare dressen aktivt men pass på at også portrettet er synleg. Hent fram kurveverktøyet frå   Fargar  Pil  Kurve  og flytt på kurven til dressen er høveleg mørk. Det kan godt hende du får ei meir oppp-og-ned-kurve enn den eg brukte. Dette er sterkt avhengig av bildet og kva ønskje brukaren har.

Nå står det bare igjen å gjere bildet om til svart/kvit. Her gav den enklaste metoden best resultat, nemleg å gå inn på   Bilete  Pil  Modus  Pil  Gråtone .

Den siste prosessen er å lagra ein kopi av bildet som jpg eller png eller eit anna format som brukaren kan lese. Vil du ha gjennomsiktig bakgrunn på øvste delen av bildet, vel du å ha bare laga «Portrettet» og «Dressen» synlege når du lagrar i png (jpg har ikkje gjennomsikt). Vil du ha kvit bakgrunn, gjer du også laget «Kvit» synleg. Bildet er ferdig.

Til underretning

Kanskje ei lita påminning til slutt. Det er ikkje alltid like enkelt å vite kva som er feil på originalbildet og kva som er «feil» på modellen. Hugs at all retusjering forandrar bildet. Føremålet med denne type retusjering er å mest mogleg føre bildet tilbake til slik det var då det kom frå fotografen, ikkje å forbetra utsjånaden på modellen eller andre ting i bildet.

Som oftast vil ein der det er tvil, heller la vere å fikse feilen. Men også her kan det vere unnatak. Eg var i tvil om ei svak markert rute på jakkeslaget var ein feil eller eit jakkemerke. Eg valde å fjerne det. Kanskje var dette eventuelle jakkemerket viktig for personen, men det veit ein ikkje dersom det ikkje er noen nålevande som hugsar akkurat dette, eller at ein er så heldig å ha andre bilde å samanlikne med.

Happy GIMPing

 

 

 

 

 

 

Dressen retusjert
Dressen i lagdialogen

 

 

 

 

 

lagmaska brukt
Lagmaska ferdig

 

 

kurveverktøyet
Gjer bildet med dressen mørkare med kurveverktøyet


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 9. april 2013