Tilbake til startsida

GIMP




Å fjerne uønska element

Retusjering vil seie å fjerne eller legge til bildeelement for å forbetra bildet. Sjølvsagt kan denne teknikken også brukast til forfalsking av bildet, sjølv om dette normalt ikkje er meininga med dette arbeidet.

Originalbildet

Originalbildet er nokså brukbart, men den kvisten som strevar seg oppover og ut av bildet heilt øvst, verkar noe forstyrrande. Kva med å fjerna denne?

Det enklaste ser ut til å rett og slett teikne over den skjemmande greina. Bakgrunnen er nokså einsfarga, så her vel eg å teikne over med ein blå blyant. Klikk på blyanten i verktøyskrinet. Sjå etter at avtrykket er så stort som mogleg. Skulle du vere i tvil, klikk på det runde penselsymbolet nede i innstillingsdialogen og vel omriss frå penseldialogen som dukkar opp. Hald nede  Ctrl -tasten medan du klikkar med blyanten ein eller annan staden på den blå himmelen. Du vil då sjå at forgrunnsfargen nede i venstre hjørne av verktøyskrinet endrar seg frå svart til blå. (Du kunne også ha brukt fargepipetta for denne jobben).

 

Å teikne på bildet

Å klone på bildet

Teikna over kvisten med blyanten så langt du finn det forsvarleg. Når du kjem fram til meir intrikate område, kan det vere lurt å skifte til mindre blyantspiss. Det blir likevel eit problem der kvistane kryssar kvarandre.

Skift til kloneverktøyet. (Den stempelforma tingesten innringa i verktøyskrinet på bildet til høgre). Pass på at du vel ein liten pensel frå penseldialogen.
Kontroller at det er kryssa av for relativt i Hent klone frå i innstillingsdialogen for kloneverktøyet. Hald deretter nede Ctrl-tasten medan du klikkar tilsvarande punkt 1 på bildet ovanfor. Dette er det området kloneverktøyet skal henta informasjonen frå. Slepp  Ctrl -tasten og klikk tilsvarande pukt 2. Data blir nå kopiert frå punkt 1 til punkt 2. Hald fram med kloninga til du meiner resultatet kan godkjennast. Skulle du gjere feil, er det bare å bruke angreknappane  Ctrl  +  Z .

ferdig retusjert

Gled deg over det ferdige resultatet

Kloneverktøyet
vanskegrad 1

 

Blyanten i verktøykassa
 
Penseldialogen

 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjeringt | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 11. april 2013