Å blande fleire bilde til eitt

Nyttårsfeiringa er i gang. Alle forsøk på å feste den overdådige rakettoppskytinga til filmen blei bare sånn passeleg vellukka. Fekk ikkje heilt fram på bildet den stemninga som eg opplevde denne kvelden. Kvart bilde blei nokså tamt i forhold til den intense rakettoppskytinga som det verkeleg var denne kvelden.

Fordelen med digitalkamera er at ein kan knipse i vilden sky utan å tenke på kostnadene. Likevel, same kor mykje eg strevde, blei bilda meir eller mindre kjedelige. Forsøk med lange lukkartider resulterte i mange fine bilde, men dei minna lite om fyrverkeri.

Vel heime i det digitale mørkerommet, var den første tanken å kopiera saman fleire bilde ved å klippe og klistre. Ingen dårleg ide. Med stort sett einsfarga bakgrunn og nokså avgrensa objekt, kan denne metoden gi eit tilfredsstillande resultat nokså raskt og enkelt.

Eg valde likevel å bruke ein metode som var mykje brukt den gongen fotografen opererte med film i eit verkeleg mørkerom: å kopiera saman to eller fleire filmar til eitt bilde. Kvart «lag» i Gimp er jo nettopp å samanlikna med ei filmrute eller ein folie om du likar den samanlikninga betre.

Etter å ha opna begge bilda, kopierte eg bilde 2 over som eit nytt lag i bilde 1 (dei gule felta refererer til bildemenyen i, eller lagdialogen for, det bildet som er aktivt):

  1. Kopier bilde 2 ( Rediger  lita høgrepil  Kopier , eller  Ctrl  +  C )
  2. Lim inn kopien i bilde 1 (Rediger  lita høgrepil  Lim inn , eller  Ctrl  +  V )
  3. Lag nytt lag av det flytande laget ( Lagdialogen  lita høgrepil Høgreklikk på flytande lag og lita høgrepil  Nytt lag ).

Resultatet ser ikkje så imponerande ut. Bare bilde 2 er synleg. Opna lagdialogen igjen dersom han ikkje er open frå før.

bilde av lagdialogen i GIMP

Normalinnstillinga for Modus i lagdialogvindauget er «Normal» slik som vist i bildet over. Opna menyen for Modus (klikk på knappen merka med «V») og vel «Gjer bare lysare» i den lange menyen som kjem fram. Gled deg over resultatet. Ved hjelp av glidebrytaren «Dekkevne» kan du forandra intensiteten til modus. Prøv deg fram. Dei ulike modus for å blande to lag, er utruleg brukbar til å lage diverse effektar på bildet. Dette er bare eitt einaste eksempel av rundt 20 du finn i nedtrekksmenyen.

Har du fleire bilete frå rakettoppskytinga, kan du prøve å legge inn desse også. Skulle du mangla bilde, er det lov å snu litt rundt på dei før du kopierer.

På bildet under har eg brukt teknikken med å blanda ulike lag (filmar). I tillegg har eg forandra utsnittet i høve til originalane. (Verktøyet «Beskjering» i verktøyskrinet til Gimp).

raket-ferdig
Nyttårsfeiringa slik eg eigentleg opplevde det.

Sjølvsagt kunne eg ha filtrert fargane eller brukt andre effektar i tillegg, men det er ikkje emnet denne gongen.

   
Bruk av bildelag
vanskegrad 1

 

 

 

 

 

 

 

rakett
Bilde 1

 

rakett-2
Bilde 2

 

 

 

 

 

 

 

rakettmiks-1
Samankopiert bilde 1 og 2

 

 

 


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 24. november 2015