Uthev motivet
Det ferdige resultatet
I dette bildet har eg lagt til rette for at du skal oppfatta
bildet slik eg ønskjer at du skal sjå det. Hovudpersonen er
framheva slik at han er det første du legg merke til. Ved
vidare gransking finn du kanskje ut at dei to andre personane
også har ei oppgåve i komposisjonen. Bildet fortel ei historie
ut over det å vere eit reportasjebildet frå ein konsert. Kva
historia er, er det opp til deg å finne ut av, litt med mi
hjelp.
Bildet dukka opp inne i eit større bildet av orkesteret.
Dette måtte eg bare gjere noe med. Hadde eg vore merksam på
motivet då eg tok bildet, kunne eg fokusert på hovudpersonen
og brukt stor blendaropning for å gjere bakgrunnen utydeleg.
Nå er altså bildet tatt, og eg må simulere den store
blendaropninga digitalt. I tillegg må eg sjonglere litt med
lyssettinga.
Den vanlegaste metoden er å markere hovudmotivet med
utvalsverktøya og kopiere utvalet som eit nytt bildelag.
Deretter kan du gjere originallaget utydeleg etter ønskje. Det
er den metoden som blei brukt då eg laga plakaten.
I dette eksemplet skal vi bruke ein annan metode som går ut på
å ha ein skarp og ein uskarpt kopi av bildet over kvarandre og
gjere det eine laget meir eller mindre gjennomsiktig.
Tips
Som alltid når du skal forandre
på eit bilde, gjer du alle forandringane på ein kopi
slik at du har originalen å gå tilbake til dersom du
roter deg heilt bort. I tillegg kan det vere greitt å ha
ein uendra original som underlag for å ha noe å
samanlikne med under arbeidet. Endringane blir gjort på
kopiar av dette laget. Du kan då heile tida samanlikne
arbeidskopien med originalen ved å klikke visinga
(augesymbolet) av og på. |
Demp bakgrunnen
Til dette arbeidet treng vi to kopiar av originalen, den eine
for bakgrunnen og den andre for forgrunnen. I dette tilfellet
skal bakgrunnslaget vere øvst i stabelen.
Når du kopierer originalbildet som eit nytt bildelag, vil
også kopien vere utan gjennomsikt. Dette blir vist ved at
namnet er utheva. Sidan arbeidet på bildelaget «Bakgrunnen»
krev at dette er gjennomsiktig, må vi legge ein alfakanal til
dette laget. Sett musepeikaren på bakgrunnslaget i lagdialogen
og høgreklikk. Leit nedover menyen som kjem fram til du finn
«Legg til alfakanal» og klikk på denne. At laget nå har
gjennomsikt blir vist ved at namnet er skrive i vanleg skrift.
Sjå etter at bakgrunnslaget er markert i lagdialogen og gå
deretter over på bildet. Eg ønskte å gjere bakgrunnen litt
mørkare, særleg i dei lyse partia, Difor brukte eg
kurveverktøyet som du finn i menyen under Fargar
Kurver og køyrde den
øvre enden av kurva eit stykke nedover slik som vist på
bildet:
I tillegg brukte eg verktøyet avskygg/etterbelys sett til
etterbelys og med stor, diffus pensel på dei lysaste delane for
å dempe dei litt.
Det neste steget er å gjere bakgrunnen passeleg diffus. Til
dette brukte eg filteret Filter
Sløring
Gaussisk sløring og
etter litt prøving og feiling endte eg opp med verdien 5.
På med lagmaska
Trikset er å gjere dei delane av bildet som skal vere skarpe
gjennomsiktige slik at det skarpe originalbildet blir synleg
gjennom den uklåre bakgrunnen. Til denne funksjonen bruker vi
lagmaske på bakgrunnslaget, altså det laget som er øvst i
stabelen vår.
Høgrekklikk på bakgrunnslaget i lagdialogen og leit deg
nedover til du finn «Legg til lagmaske» og klikk på denne for
å få opp dialogvindauget for lagmaska:
Pass på at det er kryssa av for «Kvit (heilt
ugjennomsiktig)» og trykk deretter på knappen «Legg til».
Sidan lagmaska er ugjennomsiktig, vil du ikkje sjå noen
forandringar på bildet. Det einaste synlege beviset på at
lagmaska er lagt til, finn du i lagdialogen der det nå har
dukka opp ei kvit rute etter bakgrunnslaget. Denne ruta viser
den kvite og difor ugjennomsiktige lagmaska. Klikk på denne
ruta for å vere sikker på at lagmaska er aktiv. (At ho er
aktiv blir vist med ei kvit ramme rundt, men denne er ikkje
synleg sidan maska også er kvit).
Vel eit teikneverktøy og den største penselen. I tillegg
gjorde eg penselen større med glidebrytaren «Breidde». For å
lage overgangane minst mogleg synlege, sette eg dekkevna til 50.
Dette gjer at kvart klikk med teikneverktøyet blir mindre
markert. Pass på at du har svart forgrunnsfarge i verktøykassa
og at lagmaska framleis er aktiv.
Nå kan du byrje å teikne på bildet. I staden for synleg,
svart farge, blir områda du teiknar på tydelegare. Eit lite
under har skjedd, kan det sjå ut som. Fortsett å teikne på
alle områda som du ønskjer klårare. Skulle du vere uheldig å
teikne utanom det ønskte området, er det bare å teikne over
med kvit farge eller å bruke angrefunksonane. Bruker du ein
pensel med diffuse kantar, treng du heller ikkje vere så nøye
med om du treff nøyaktig. Overgangen blir nokså usynleg
likevel.
For kvart klikk blir området under penselen
lysare og skarpare
Forklaringa på fenomenet er at ei kvit lagmaske gjer bildet
ugjennomsiktig, medan svarte område på lagmaska gjer at bildet
blir gjennomsiktig i desse områda. Du kan få ein viss
indikasjon av utsjånaden til lagmaska i lagdiaogen, men
denne er nokså liten sjølv om du sett visinga til maksimum.
(Du får fram menyen for å endre storleiken på visinga ved å
klikke på fanemerket i lagmenyen. (Sjå bildet til høgre).
Vil du gjere deler av bildet delvis gjennomsiktig, kan du
teikne med ei sjattering av grått. Dess mørkare grå dess meir
gjennomsikt. Alle teikneverktøya kan brukast. Du kan gni ut
streken eller bruke diffuse kantar.
Ikkje ver redd for å eksperimentere. Gjer du feil, kan du
bruke angrefunksjonane slik du er van med, eller bare teikne
over med kvitt. (Du har vel alt lært deg tastekombinasjonen Ctrl
+ Z for å
angre det du har gjort på bildet). Bommar du heilt, er det bare å fylle
lagmaska med kvitt og starte på nytt igjen.
Bildet er frå ein konsert med Lindesnes
trekkspillklubb på Lyngdal dyrskue 2009. Den framheva personen er
Artur Stulien, ein kjend musikar i dei indre bygdene i Vest-Agder.
Happy GIMPing
Kolbjørn |