Tilbake til startsida

GIMP



Fil -> nytt

Å lage banner (header)

Har du bruk for eit banner til bruk øvst på heimesida di eller på andre publikasjonar? Dette kan sjølvsagt lagast direkte i html eller php slik headingen på for eksempel desse sidene er laga. Ved hjelp av GIMP kan du få banneret til å sjå ut presis som du ønskjer det, utan å tenke på avansert koding.

Tips 1

Fil -> nytt

Skal du ha eit banner med bare tekst, altså utan bilde, kan du lage ein høveleg fargeovergang («gradient» i noen utgåver av GIMP) og legge til den ønskte teksten.

Det første du må gjere er å opne eit bilde i det formatet banneret skal ha. Sjå nedanfor.

1. Gå inn på verktøykassa og klikk på ein av fargane i fargerutene. Du får nå opp ein fargeveljar der du kan bestemme for- eller bakgrunnsfarge alt etter kva fargerute du klikka på. Når du har bestemt fargen, trykker du OK. Gjer det same med den andre fargeruta.

2. Klikk på verktøyet for fargeovergangar slik at dette blir det aktive verktøyet. Flytt musepeikaren til midt på venstre kant av bannerbildet, hald nede venstre museknapp og dra markøren over til den høgre bildekanten. Når du slepp opp museknappen, vil det bli teikna ein fargeovergang i bildet. Du treng ikkje dra musemarkøren tvers over bildet. Prøv å dra frå høgre mot venstre, prøv å byrje og stoppe midt i bildet. Ikkje ver redd for å eksperimentere.

3. Du kan velje andre former for fargeovergangar frå menyinnslaget «Form» ved å klikke på nedoverpila der. Som så ofte før er det bare å prøve seg fram.

Sjølvsagt kan du også bruke ein av dei ferdiglaga fargeovergangane. Klikk på bildet av fargeovergangen i verktøykassa slik at du får fram lista over fargeovergangar. Her er det bare å velje.

Det siste steget er å legge til teksten. Sjå nedanfor.

 

Tips 2

Fil -> nytt

Ein annan måte å lage tekstbanner på, er å bruke  Fil  lita høgrepil  Hent inn  lita høgrepil  Logoar . I første omgang er det nok å bare forandre teksten i menyen som kjem fram og trykke «OK». For lettare å kunne samanlikne resultata, kan det også vere lurt å velje same skriftstorleiken for alle forslaga. Her er noen tilfeldige eksempel på banner laga på denne måten.

Fil -> nytt Fil -> nytt

 

Med bilde og tekst

Dei fleste ønskjer vel likevel å ha både bilde og tekst med på banneret. Dette er ikkje noe problem i GIMP, men kan kanskje verke litt vanskeleg dersom du ikkje kjenner programmet. Framgangsmåten blir difor vist nokså detaljert slik at også dei som ikkje er så veldig vane med å bruke GIMP kan finne ut av det.

Det første som må gjerast er å opne eit nytt bilde frå bildemenyen  Fil  lita høgrepil  Nytt bilete … 

Fil -> nytt
Menyen for å lage nytt bilde
Fil -> nytt

Når du klikkar på menyvalet «Nytt», kjem det opp eit vindauge der du kan skrive inn ein del data for det nye bildet. Det einaste som er aktuelt her er breidda og høgda på bildet, altså banneret. På bildet over til høgre, ser du at dette banneret er 800 pikslar (px) breidt og 120 pikslar høgt. Sjølvsagt kan du velje andre tal her.

Fil -> nytt

Det neste er å finne passande bilde til å setje inn i banneret. Her er det vald eitt bilde med snøklokker og eitt med kvitveis. Som oftast vil bildet du ønskjer å bruke vere for stort for eit banner. Du kan då gjere bildet mindre ved å bruke  Bilete  lita 
		høgrepil  Skaler bilete …  Det kan vere ein god ide å setje den nye høgda til den same høgda som banneret har, i dette tilfellet 120 pikslar.

Meir vanleg er det nok å bruker utsnitt frå bilde. Då bruker du eitt av utvalsverktøya, som oftast vil rektangelutvalet passe. Dette finn du øvst til venstre i verktøykassa. Også her er det lurt å gjere høgda i utvalet likt med høgda i banneret.

Kopier utvalet eller bildet ved å klikke på bilderamma for bildet du skal kopiere for å gjere dette til det aktive bildet. Trykk deretter på tastane  Ctrl  +  C  eller gå inn på menyen og velj  Rediger  lita høgrepil  Kopier 

Fil -> nytt

Det neste steget er å lime utvalet inn i bannerbildet. Dette gjer du ved å gjere bildet aktivt ved å klikke på ramma, og deretter velje  Rediger  lita høgrepil  Lim inn som  lita høgrepil  Nytt lag 

Når du har kopiert og limt inn begge bilda, kan banneret sjå omlag slik ut:

Fil -> nytt
Fil -> nytt

Kanskje ikkje heilt forståeleg, men finn fram til det GIMP-vindauget som liknar på det du ser til høgre her. Som oftast finn du lagdialogen, som vindauget heiter, på høgre side av skjermen.

Det nedste laget, «Bakgrunn» er sjølve banneret. Dette er farga i dialogvindauget for å vise at dette er det aktive laget. Alt du gjer på bildet vil bli gjort på dette laget. Over dette ligg dei to bilda du kopierte inn, «Utklippstavle» og «Utklippstavle #1». Dersom du klikkar på augesymbolet framføre lagnamnet, vil det aktuelle laget bli usynleg i bildet. Klikk på sjølve lagnamnet for å gjere laget til det aktive laget.

For å gjere det enklare å arbeide med laga, gir eg dei namn etter innhaldet. Dobbeltklikk på «Utklippstavle #1». Namnet blir markert og du kan gi det nytt namn. Sidan dette er bildet av snøklokkene, er det naturleg å kalle dette for «Snøklokker». Når du har skrive det nye namnet, trykk Enter-tasten. Kall «Utklippstavle» for «Kvitveis». Bakgrunnen kan gjerne heite bakgrunn.

Gjer laget «Snøklokker» til det aktive laget ved å klikke på namnet i lagdialogen. Deretter vel du flytteverktøyet i verktøykassa. Sett musepeikaren på snøklokkene i bildet og hald nede venstre museknapp. Nå kan du dra dette laget kor du vil i bildet. Dra det heilt til høgre og slepp museknappen.

banner 2

 

Så var det teksten.

Fil -> nytt

Gjer laget «Bakgrunn» til det aktive laget. Klikk deretter på tekstverktøyet i verktøykassa. Det ser slik ut: tekstverktøyet. Klikk på det kvite feltet i midten av bildet og skriv inn teksten. Truleg blir tektsten for liten for banneret. Kanskje passer plasseringa heller dårleg, og kanskje også fargen er feil. Dette er lett å ordne.

Fil -> nytt

Når tekstverktøyet er aktivt, finn du under verktøykassa ein meny for verktøyinnstillingar noe liknande den du ser til høgre her. Marker teksten ved å setje musemarkøren ved slutten av teksten og halde nede Shift-tasten medan du flytter musemarkøren til byrjinga på teksten. Tekstfeltet vil nå sjå ut omlag som på bildet til venstre.

Deretter kan du gå til verktøyinnstillingane og velje skrifttype ved å trykke på knappen «Skrifttype» øvst i menyen. (Punkt 1 på bildet). Vel passande skrifttype frå nedtrekksmenyen som kjem fram. På bildet er det vald skrifttypen «Segoe Print». Kva skrifttypar du har på maskinen vil variere med oppsettet. Held du musepeikaren over symbolet framføre namnet på skrifttypen i nedtrekksmenyen, og held nede den midtre museknappen, vil det kome fram ei setning som inneheld alle bokstavane i alfabetet. Dette gjer det litt enklare å sjå korleis skrifta ser ut. (Dette verkar ikkje i alle maskinane).

Det neste er å regulere storleiken på bokstavane. (Punkt 1 på bildet). Du kan anten skrive inn eit anna tal enn 18 som det står på bildet over, eller du kan trykke på pil opp eller pil ned for å auke eller minske storleiken. Dersom deler av skrifta forsvinn, må du dra tekstruta større ved å klikke på ein av firkantane utanfor den ruta som markerer tekstfeltet, halde nede museknappen medan du drar ruta slik at områet blir større.

Til sist bestemmer du fargen ved å trykke på fargeruta. (Punkt 3 på bildet). Du får då opp eit fargekart der du kan bestemme kva farge skrifta skal ha. Du kan også dra fargen frå fargeruta i verktøyskrinet ved å halde museknappen nede medan du drar fargen til fargeruta for skrift.

Truleg er plasseringa av teksten ikkje heilt vellukka. Dette ordnar du ved å velje flytteverktøyet og dra teksten dit du ønskjer. Pass på at musepeikaren er over ein av bokstavane når du byrjar å dra.

NB! Du kan sjølvsagt også bruke logo-metoden som er nemnd øvst på sida for å legge til tekst.

Det ferdige bildet.

banner 3

 

Banneret øvst på sida

Fil -> nytt

Dette banneret er ei lita vidareføring av dette eksemplet. Her er bakgrunnslaget farga nokså mørkt ved å bruke fyllverktøyet. (Ser ut som ei bøtte i verktøykassa). Deretter blei dei synlege laga, altså bakgrunnslaget og dei to bildelaga, slått saman til eitt lag ved hjelp av kommandoen  Lag  lita høgrepil  Nytt frå synlege .

For å gjere overgangane mellom bakgrunnslaget og bildelaga litt mindre tydeleg, er det brukt utgnidingsverktøyet. Her er det bare å prøve seg fram til ein finn den beste løysinga.

Deretter er det bare å setje inn teksten slik som omtalt ovanfor.

 

Når du har fått til banneret ditt slik det er omtalt på denne sida, kan du prøve deg på noen av dei litt meire avanserte eksempla på den neste sida. (Banner 2 i menyen oppe til venstre). Etter å ha studert begge sidene om å lage banner, vil du vonleg vere i stand til å lage dine eigne banner nøyaktig slik du ønskjer å ha dei.
Lukke til.


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 17. juni 2012