Tilbake til startsida

GIMP



Fil -> nytt

Noen tips til å lage banner

På den første sida om å lage banner fekk du ei nokså grundig innføring i denne kunsten. På denne sida vil det bli vist ein del eksempel på andre måtar å lage banner på. Treng du meir forklaring på korleis ting blir gjort, kan du anten sjå på den førre sida eller slå opp i handboka (Hjelp) for GIMP på den aktuelle funksjonen.

Mjuke overgangar

banner 3

Her er det brukt filteret  Filter  lita høgrepil  Dekor  lita høgrepil  Ullen kant  på bakgrunnsbilda. Dette må gjerast før bilda blir sette inn i banneret.

banner 3

Denne versjonen er litt meire raffinert å utføre, men om resultatet er meire raffinert, er opp til deg.

Fil -> nytt

Dei to bilda på kvar side av banneret er nå kopiert inn slik at dei dekker omlag kvar sin halvpart av banneret. Kvar av dei får tillagt ei lagmaske. Denne finn du i menyen som kjem fram når du høgreklikkar på lagnamnet i lagdialogen. Klikk på «Legg til lagmaske …». I lagdialogen vil det nå dukke opp ein miniatyr til høgre for bildet av laget.

Fil -> nytt

Lagmaska bestemmer kor gjennomsiktig bildet skal vere. Dette gjer du ved å farge lagmaska svart der bildet skal vere gjennomsiktig og kvit der bildet skal vere heilt gjennomsiktig. Gråtoner vil resultere i eit delvis gjennomsiktig bilde. Dette bruker vi. Klikk på miniatyren av lagmaska i for laget «Kvitveis». Pass på at dette laget er aktivt. Det skal nå kome ei kvit ramme rundt miniatyren for å vise at denne er aktiv, men ramma er ikkje alltid like lett å sjå. Set deretter forgrunnsfargen til svart og bakgrunnsfargen til kvit i verktøykassa. Vel verktøyet «Bland» (også kalla «Gradient») og plasser musemarkøren omlag midt på bildet av banneret, hald nede museknappen og dra verktøyet halvvegs mot venstre før du slepp opp knappen. Banneret vil nå sjå slik ut:

banner 3

Dei mystiske rutene som er komne til, er GIMP sin måte å fortelle at dette rommet er gjennomsiktig.

Gjer nå det same med laget «Snøklokker». Den midtre delen av bannerbildet vil nå vere gjennomsiktig. Dette kan nok brukast slik, men for å få til banneret slik det er vist oppe på denne sida, må det leggjast til noe farge i det usynlege området. Gjer laget «Bakgrunn» synleg og aktivt. Vel ein passande forgrunnsfarge i verktøykassa og vel fyllverktøyet. Set innstillinga til å fylle heile utvalet og klikk på bannerbildet. Nå vil bannerbildet få den valde fargen på midten. Fargen vil tone gradvis over til kvart av bilda på sidene. Bildet vil sjå nokolunde slik ut:

banner 3

Set forgrunnsfargen til svart og vel tekstverktøyet. Skriv inn ønskt tekst og juster storleik og skrifttype som forklart på den førre sida. Med ein høveleg skriftfarge kan dette bli eit fint banner:

banner 3

Vi ønskjer likevel å pynte litt ekstra på teksten ved å bruke filteret  Filter  lita høgrepil  Kart  lita høgrepil  Avbilding frå kart …  Det første vi då gjer er å lage eit nytt lag sett saman av bakgrunnslaget og dei to bildelaga. Pass på at desse er synlege og tekstlaget er usynleg. Klikk på menyvalet  Lag  lita høgrepil  Nytt frå synlege . Det vil då bli laga eit nytt lag med namnet «Synleg». La bare dette laget vere det synlege laget når du går inn på filteret «Avbilding frå kart». Det vil då kome fram eit menyvindauge med mange val.

Fil -> nytt

Pass på at innslaget «Strukturkart» viser til tekstlaget. I eksemplet ligg dette laget i bildet «banneret.xcf» med namnet «Banneret». Dei ekstra tala er noe GIMP legg til. Det er ikkje sikkert du ser teksten i førehaandsvisinga. Då må du prøve deg fram med å justere menyinnslaget «X-forskyving» og eventuelt også «Y-forskyving» til du ser teksten. Du treng ikkje å forstå kva dei ulike knappene i menyen betyr. Du kan bare prøve deg fram med ein om gongen og sjå resultatet i førehandsvisinga. Når du er nøgd med resultatet, trykker du «OK». Skulle det vise seg at teksten ikkje treff der du ønskte det, eller du av andre årsakar vil gjere innstillingane omigjen, er det bare å bruke angrefunksjonen i Rediger-menyen, eller trykke tastane   Ctrl   +   Z   og prøve «Avbilding frå kart» på nytt.

Når du bruker dette filteret, kan du også lage teksten ved hjelp av  Fil  lita høgrepil  Hent inn  lita høgrepil  Logoar . Einaste er at filteret reagerer bare på gråtoner, så dersom teksten er i fargar, er det ikkje sikkert resultatet blir heilt som du hadde tenkt.

Sjølvsagt finst det utallege andre måtar å lage banner på. På desse to sidene er det bare tatt med såpass at du kanskje greier å finne på noen andre måtar sjølv, eller du søker på Internett etter «GIMP heading» eller «GIMP banner». Lukke til i utforskinga.

Desse sidene blei laga då noen hadde bruk for litt hjelp til å lage banner til ei blog-side. Dessutan oppdaga eg at det var eit par spørsmål om det same på www.gimp.no.


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 17. juni 2012