GIMP - Ordliste engelsk - norsk 
  Tilbake til startsida

GIMP


 

 


 

Bildebehandling

 

Wilber ikonOrdliste engelsk - bokmål - nynorsk

Under arbeidet med å omsetje GIMP til nynorsk, valde eg å halde meg mest mogleg til dei tilrådde fagtermane. Der slike ikkje fanst, blei forslaga mine diskuterte i forumet for fri programvare og i språkrådets forum ordsmia. Noen gonger gjekk forslaga mine igjennom, andre gonger kom andre med betre forslag.

Denne framgangsmåten har ført til at det er ein del avvik i fagtermane brukte i bokmål og nynorsk. Arbeidet med å samordna språka er i gang, men sidan dei aller fleste som arbeider med dette gjer det på fritida, kan det ta litt tid.

Denne ordlista er ikkje i bruk nå. I staden bruker eg Fellesordlista. Dermed er ordlista ikkje oppdatert etter 2006. Lista er likevel tatt med her nærast som ein kuriositet frå då arbeidet med GIMP byrja.

Engelsk Bokmål Nynorsk Merknad (Sjå adresser nedst på sida)
Ctrl, Shift Kontroll, Skift Ctrl, Shift (Tastenamn). Retningsliner
Airbrush Luftpensel Luftpensel Ordlista
Anti erase Antifjern Visk inn I motsetnad til «visk ut» (Heimelaga)
Antialiasing Antialiasering (Kant)utjamning Ordlista
Blur Utydeliggjør Slør Ordlista
Bucket Fill Bøttefyll Fyll
Color Conversion Fargeomdannelse Fargekonvertering Ordlista
Burn Brenn Etterbelys Ordlista. (Eigentleg frå mørkerommet).
Context Kontekst Samanheng Ordlista
Context Help Konteksthjelp Menyhjelp Ordlista
Convolve Konvuler, Convolve Konturverktøyet Heimelaga. Ordlista nå: Konturhindring.
Dialog Meny Dialog(vindauge) Ordlista. Noen dialogar er menyar. Burde vore rydda opp i bruken av dialog/meny også på engelsk.
Dithering Dithering Utjamning Heimelaga. Nå i Ordlista: Utjevning
Dock (subst) Dokk Innlimingsvindauge Etter råd i Ordlista
Dock (verb) Dokke Feste (til) Ordlista
Dockable Kan dokkes Kan limast inn Ordlista
Dodge Blek Avskygg Ordlista. (Eigentleg frå mørkerommet).
Fuzzy Fuzzy (malestrøk) Diffuse (malestrøk) Heimelaga. Ordlista: «uklar»
Fuzzy Select (verktøy) Fuzzy (utvalg) Tryllestaven Heimelaga. Nå i Ordlista
Gradient Gradering Fargeovergang Ordlista: Fargeovergang, gradient
Guide Innrettingslinje Hjelpelinje Ordlista
History Historikk Logg t.d. i angrelogg. Ordlista
Hue (farge-)Glød Kulør Ordlista
Ink (verktøy) Blekk Penn Heimelaga. Nå i Ordlista.
Incremental Inkrementell Aukande, fargeauking Heimelaga. Nå i Ordlista
Intersect Kryss (med) Snitt Frå matematikken. Ordlista
Location Lokasjon Nettadresse I «Opna nettadresse». Ordlista
Opacy Ugjennomsiktighet Dekkevne, ugjennomsikt Heimelaga. Tilrådd i «Ordsmia». Nå i Ordlista
Pattern Mønster Mønsterelement (Mønsterdel?) Etter råd frå «Ordsmia» + eige vurdering.
Ordlista: Mønster
Picture tube Børsterør Mønsterpensel Heimelaga. Tilrådd i «Ordsmia». Nå i Ordlista
Plug-In Programtillegg Programtillegg Etter råd frå «Ordsmia». Ordlista nå: Programtillegg
Revert Nullstill Tilbakestill Ordlista
Revert Image Forkast (bildet) Tilbakestill (biletet) (Heimelaga)
Selection Utvalg Utval «Ordlista» tilrådde «markering»
Ordlista: Utvalg, merket område
Selection tool   Utvalssverktøy Ordlista: Markeringsverktøy
Shrink Wrap Pakk sammen Tilpass i vindauget Heimelaga. Nå i Ordlista
Smudge (picture) Tilsmuss (bilde) Gni ut (bilete) Heimelaga. Ordlista: Gni utover
Spline   Spline Beziérkurve
Tile Flis Flis Ordlista.
Tiling Flislegging Flislegging Ordlista. +(Sette/legge) side ved side
Transparency Gjennomsiktighet Gjennomsikt, alfa Ordlista: Gjennomsiktighet
       

(Merknaden i lista gjeld ord som er merka med same farge som merknaden).

Stikkorda dekker bare hovudbruken av orda. Ofte blir det variert i høve til bruksområdet osv. med andre ord. T.d. har eg vore nokså konsekvent med å bruke utval for Selection, men sjølvsagt brukt markering eller andre tilsvarande ord når dette er meir dekkande.

I tillegg til eigen fantasi og andre uoffisielle kjelder, har eg også brukt

«Ordlista» http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
«Retningsliner» http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
«Ordsmia» ordsmia@sprakrad.no    
Dessutan diskusjonsforuma
i18n-no@lister.ping.uio.no
gimp-web-list@gnome.org
 

Bokmålsomsettinga utført av: Kjartan Maraas, kmaraas@broadpark.no
Sigurd Gartmann og sigurd-translate@brogar.org
Runar Ingebrigtsen (kjenner ikkje adressa).

Andre omsetjingar av GIMP når språka har vore forståelege for meg.

 

Eg er kanskje ikkje alltid samd i alle forslaga eg har samla inn, men har vald å følgje desse likevel. Mange av GIMP-brukarane er nok dei same som også bruker Open Office, og vil såleis ha glede av å kjenne igjen språkbruken. Sidan GIMP er eit av dei få (einaste?) større bildehandteringsprogramma på norsk, er det viktig å velje dei rette fagorda. Vi kan jo risikera å bli normdannande.

Småplukk

Å omsette fagtermane er ikkje alltid så enkelt som det kan høyrast ut til fordi originalen på ingen måte er konsekvent i ordbruken. Kva i all verda gjer penselen «Animated Brush» alias «Picture Tube» for noe? Filendingane for desse penslane er «gih»som er utleidd frå «Gimp Image Hose» altså eit tredje namn for den same penselen. På bokmål er penselen kalla «rørpensel». Like bra som dei engelske nemningane, men seier ikkje så mykje om bruken av penselen. Sjølv har eg vald å bruke «mønsterpensel» ut frå assosiasjonane til mønsterrull, altså malerull som lagar (tapet)mønster på veggane. Andre gonger er skilnaden kanskje meir tilfeldig, som t.d. at bokmål bruker gradering medan eg, etter råd frå ordlista, har vald fargeovergang på nynorsk. Ser at Ordlista nå har tatt inn også ordet gradering, så kanskje eg bør gå tilbake til dette slik eg hadde det i byrjinga?

Eitt av problema med ordvalet, er at termane skal vere mest mogleg eintydige og korrekte i høve til eit fagspråk, samstundes som dei bør vere mest mogleg (intuitivt) forståelege for folk flest. Ikkje alle brukarane av GIMP er fotografar eller profesjonelle på andre område innan biletbehandling. 

Er svært open for merknader og forslag til endringar/forbetringar. Bruk eit av diskusjonsforuma ovanfor, eller send til meg. Adresse nedst på sida.

Wilber ikon Gå til «Hjelp for GIMP». GIMPs offisielle hjelpsider

 
Helsing
Kolbjørn
 

 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 17. januar 2012