Hovudsida
Tips om bruk
Installer hjelp
Bytte språk i GIMP
Om omsetjinga
Ordvala i GIMP
Tastesnarvegane
 

Bildebehandling

 

Wilber ikonOrdliste engelsk - bokmål - nynorsk

Under arbeidet med å omsetje GIMP til norsk (nynorsk), har eg vald å mest mogleg halde meg til Språkrådet og Fri programvare (med variantar) sine tilrådingar. Dette har ført til at faguttrykka ikkje alltid er dei same på bokmål og nynorsk. Dette er likevel bare ein overgang. Arbeidet med samordninga er i gang

Lista nedføre viser dei fleste avvika. Sidan omsettinga er på rein hobbybasis, blei det frå starten av ikkje ført notat over skilnadane. Lista er difor laga i ettertid og såleis kanskje ikkje komplett. Skal oppgradera dersom eg finn andre viktige skilnader enn dei som er oppførte. (Ajourført mot ordlista 12.12.06)

Lista stemmer ikkje heilt nå (sept 2009).
Ein del ord er forandra både på nynorsk og bokmål. Bruk den berømmelege saltklypa.

Engelsk Bokmål Nynorsk Merknad (Sjå adresser nedst på sida)
Ctrl, Shift Kontroll, Skift Ctrl, Shift (Tastenamn). Retningsliner
Airbrush Luftpensel Luftpensel Ordlista
Anti erase Antifjern Visk inn I motsetnad til «visk ut» (Heimelaga)
Antialiasing Antialiasering (Kant)utjamning Ordlista
Blur Utydeliggjør Slør Ordlista
Bucket Fill Bøttefyll Fyll «Fill» og «Fyll» vanleg i andre prog. Ordlista: Flatefylling
Color Conversion Fargeomdannelse Fargekonvertering Ordlista
Burn Brenn Etterbelys Ordlista. (Eigentleg frå mørkerommet).
Context Kontekst Samanheng Ordlista
Context Help Konteksthjelp Menyhjelp Ordlista
Convolve Konvuler, Convolve Konturverktøyet Heimelaga. Ordlista nå: Konturhindring.
Dialog Meny Dialog(vindauge) Ordlista. Noen dialogar er menyar. Burde vore rydda opp i bruken av dialog/meny også på engelsk.
Dithering Dithering Utjamning Heimelaga. Nå i Ordlista: Utjevning
Dock (subst) Dokk Innlimingsvindauge Etter råd i Ordlista
Dock (verb) Dokke Feste (til) Ordlista
Dockable Kan dokkes Kan limast inn Ordlista
Dodge Blek Avskygg Ordlista. (Eigentleg frå mørkerommet).
Fuzzy Fuzzy (malestrøk) Diffuse (malestrøk) Heimelaga. Ordlista: «uklar»
Fuzzy Select (verktøy) Fuzzy (utvalg) Tryllestaven Heimelaga. Nå i Ordlista
Gradient Gradering Fargeovergang Ordlista: Fargeovergang, gradient
Guide Innrettingslinje Hjelpelinje Ordlista
History Historikk Logg t.d. i angrelogg. Ordlista
Hue (farge-)Glød Kulør Ordlista
Ink (verktøy) Blekk Penn Heimelaga. Nå i Ordlista.
Incremental Inkrementell Aukande, fargeauking Heimelaga. Nå i Ordlista
Intersect Kryss (med) Snitt Frå matematikken. Ordlista
Location Lokasjon Nettadresse I «Opna nettadresse». Ordlista
Opacy Ugjennomsiktighet Dekkevne, ugjennomsikt Etter råd frå «Ordsmia». Nå i Ordlista
Pattern Mønster Mønsterelement (Mønsterdel?) Etter råd frå «Ordsmia» + eige vurdering.
Ordlista: Mønster
Picture tube Børsterør Mønsterpensel Etter råd frå «Ordsmia» + eige vurdering. Nå i Ordlista
Plug-In Programtillegg Programtillegg Etter råd frå «Ordsmia». Ordlista nå: Programtillegg
Revert Nullstill Tilbakestill Ordlista
Revert Image Forkast (bildet) Tilbakestill (biletet) (Heimelaga)
Selection Utvalg Utval «Ordsmia» tilrådde «markering»
Ordlista: Utvalg, merket område
Selection tool   Utvalssverktøy Ordlista: Markeringsverktøy
Shrink Wrap Pakk sammen Tilpass i vindauget Heimelaga. Nå i Ordlista
Smudge (picture) Tilsmuss (bilde) Gni ut (bilete) Heimelaga. Ordlista: Gni utover
Spline   Spline Beziérkurve
Tile Flis Flis Ordlista.
Tiling Flislegging Flislegging Ordlista. +(Sette/legge) side ved side
Transparency Gjennomsiktighet Gjennomsikt, alfa Ordlista: Gjennomsiktighet
       

(Merknaden i lista gjeld ord som er merka med same farge som merknaden).

Stikkorda dekker bare hovudbruken av orda. Ofte blir det variert i høve til bruksområdet osv. med andre ord. T.d. har eg vore nokså konsekvent med å bruke utval for Selection, men sjølvsagt brukt markering eller andre tilsvarande ord når dette er meir dekkande.

I tillegg til eigen fantasi og andre uoffisielle kjelder, har eg også brukt

«Ordlista» = http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
«Retningsliner» = http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html
«Ordsmia» =
Dessutan diskusjonsforumet
Bokmålsomsettinga utført av: Kjartan Maraas,
Sigurd Gartmann  og
Runar Ingebrigtsen (kjenner ikkje adressa).
Andre språkfiler i GIMP (når språka har vore forståelege for meg).

Eg er kanskje ikkje alltid samd i alle forslaga eg har samla inn, men har vald å følgje desse likevel. Mange av GIMP-brukarane er nok dei same som også bruker Open Office, og vil såleis ha glede av å kjenne igjen språkbruken. Sidan GIMP er eit av dei få (einaste?) bildebehandlingsprogramma på norsk, er det viktig å velje dei rette fagorda. Vi kan jo risikera å bli normdannande.

Å omsette fagtermane er ikkje alltid så enkelt som det kan høyrast ut til fordi originalen på ingen måte er konsekvent i ordbruken. Kva i all verda gjer penselen «Animated Brush» alias «Picture Tube» for noe? Filendingane for desse penslane er «.gih» som er utleidd frå «Gimp Image Hose», altså eit tredje namn for den same penselen. På bokmål er penselen kalla «rørpensel». Like bra som dei engelske nemningane, men seier ikkje så mykje om bruken av penselen. Sjølv har eg vald å bruke «mønsterpensel» ut frå assosiasjonane til mønsterrull, altså malerull som lagar (tapet)mønster på veggane. Andre gonger er skilnaden kanskje meir tilfeldig, som t.d. at bokmål bruker gradering medan eg, etter råd frå ordlista, har vald fargeovergang på nynorsk. Ser at Ordlista nå har tatt inn også ordet gradering, så kanskje eg bør gå tilbake til dette slik eg hadde det i byrjinga?

Eitt av problema med ordvalet, er at termane skal vere mest mogleg eintydige og korrekte i høve til eit fagspråk, samstundes som dei bør vere mest mogleg (intuitivt) forståelege for folk flest. Ikkje alle brukarane av GIMP er fotografar eller profesjonelle på andre område innan biletbehandling. 

Er svært open for merknader og forslag til endringar/forbetringar. Bruk eit av diskusjonsforuma ovanfor, eller send til meg. Adresse nedst på sida.

Wilber ikon Gå til «Offisiell hjelp». GIMPs offisielle hjelpsider

 
Helsing
Kolbjørn
 

 
| Framsida for GIMP | Hjelp på norsk | Skifte språk | Fagprat | Snartastane |
Tips til bruk: | Bruke lag | Retusjering | Lage plakat | Gjer bildet skarpare | Slanking |