| | GIMP | ![]() |
|
|
Skifte språk i GIMPDersom du bruker GIMP versjon 2.6 eller høgare, vil GIMP normalt ta i bruk det språket maskinen er sett til å bruke. Skulle du ha ønskje om å bruke GIMP på eit anna språk, er dette lett å få til. GIMP 2.8
Frå og med versjon 2.8 kan du skifte språk direkte frå menyen. Gå til
Rediger
GIMP eldre enn 2.8I desse versjonane er det litt vanskelegare å skifte språk. Men det er som oftast fullt mogleg på ein eller annan måte. I Linux: Gå til konsollmodus og skriv inn LANGUAGE=xx
GIMP eller LANG=xx GIMP. I Windows:
GIMP er på engelskAt brukargrensesnittet for GIMP er på engelsk sjølv om maskinen er sett opp med norsk, har eg ikkje opplevd med GIMP versjon 2.8. Det kan sjå ut til at problemet er løyst. Men skulle du oppleve problemet, prøv oppskriftene nedanfor. Dei blei opphavleg skrive for GIMP versjon 2.6. Den automatiske språkfinninga verkar ikkje alltid i Windows. Eg veit ikkje årsaka, men det har truleg samanheng med at Windows ikkje bruker standardkoder for språk. Utanom metoden nemnd ovanfor, har eg også funne eit par andre måtar å få GIMP på norsk. Normalt legg GIMP seg inn i standardmappa for programfiler. Kva mappe
dette er vil variere med Windowsversjonen du bruker. Ved å avinstallere
GIMP og installere på nytt i ei anna mappe, hender det at GIMP finn dei
rette språkkodene. Dersom avinstalleringa ikkje fjerner brukarmappa
Users I nokre tilfelle kan det vere nok å gå inn på mappa
GIMP-2.0 Ei anna løysing stod i nettsida «gimp.no» (som nå er lagt ned). Eg har
ikkje prøvd det, men reknar med at det verkar. I Windows 7 finn du fram til
Kontrollpanel ved å klikke på Windowskula nedst til venstre på
skjermen. Klikk deg fram langs Kontrollpanel
Dersom du studerer nynorsk- og bokmålsversjonen, vil du oppdage at fagtermane ikkje er heilt dei same. Det er arbeid på gang for å samordne dette, men slikt tar tid.Sjå meir om dette på sida om fagtermar. |
Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat | |
|
|
| © Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 24. november 2015 |