|
|
Hovudsida
Tips om bruk
Installer hjelp
Skifte språk
Bytte språk i GIMP
Om omsetjinga
Ordvala i GIMP
Tastesnarvegane
|
|
Skifte språk i GIMP
Dersom du bruker GIMP versjon 2.6 eller høgare, vil GIMP normalt ta i
bruk det språket maskinen er sett til å bruke. Skulle du ha ønskje om
å bruke GIMP på eit anna språk, eller at det automatiske systemet
sviktar, kan dette ordnast.
I Linux:
Gå til konsollmodus og skriv inn LANGUAGE=xx
GIMP eller LANG=xx GIMP.
«xx» er språkkoden for det språket du ønskjer å legge inn, t.d. «nn»
for nynorsk, «nb» for bokmål, «fr» for fransk osv.
I Windows:
- Du kan skifte språk for maskinen frå kontrollpanelet.
- Ein annan måte er å lage ei satsfil (batch-fil) og opne denne frå
skrivebordet. Dette gjer du slik:
- Opna ein rein tekstbehandlar, t.d. Notisblokk. (Word o.l. er
ikkje brukbare her). Skriv inn
set lang=xx
start gimp-2.6.exe
- («xx» er språkkoden for det språket du ønskjer å øegge
inn, t.d. «nn» for nynorsk, «nb» for bokmål, «fr» for
fransk osv).
- Lagre fila i ~/gimp-2.0/bin som gimp-xx.bat.
Lag deretter snarveg til denne på skrivebordet.
- Du kan eigentleg kalle fila kva som helst, men ho må alltid ha
filutvidinga .bat.
|
Resten av denne sida gjeld bare for eldre
utgåver av GIMP
Sidan framgangsmåten kan vere av interesse for noen, lar eg sida stå
førebels.
|
Sjølve GIMP finst førebels bare på bokmål (før versjon 2.4).
Reknar med å ha den nynorske versjonen klar når eg finn noen som kan
legge den inn. (Sidan bokmål er lagt inn som identisk med «norsk», vil
du også når nynorskversjonen er lagt inn, få bokmål både når du
stiller maskinen til «norsk» og når du set han til «bokmål»).
Er du utålmodig etter å prøve den nynorske versjonen, kan du legge
inn den uferdige nynorskversjonen.
Her er oppskrifta (for Windows):
(Mappa eg kallar gimp vil i
maskinen din heite gimp-2.0
eller noe liknande, avhengig av kva versjon du har).
- Last ned alle desse mo-filene (for GIMP 2.6):
gimp20.mo, gimp20-libgimp.mo,
gimp20-script-fu.mo
og gimp20-std-plug-ins.mo
Hugs å legge dei ein stad der du kan finne dei att på maskinen din.
- Gå inn i GIMPkatalogen (på maskinen din) på gimp
lib
locale
.
Denne katalogen inneheld mappene med alle språkkodene lista opp
alfabetisk. Mappene «no» og «nb» er identiske og inneheld
bokmålsomsettinga.
- Lag ein kopi av no-mappa og gi kopien namnet «nn»
(utan hermetikna).
- Bytt ut mo-filene i underkatalogen «LC_MESSAGES» i den nye
nn-mappa med mo-filene du lasta ned tidlegare.
- Du skal nå ha språkmappene «nb» (bokmål), «nn» (nynorsk),
«no» (bokmål) i maskinen din.
- Still datamaskinen din til nynorsk og start GIMP på nytt.
Nå vil GIMP i dei fleste tilfella dukke opp på nynorsk.
Dersom du etter omstart av GIMP framleis har bokmål, er
løysinga:
- Lag ein kopi av «no»-mappa (Får namnet «Kopi av no»)
- Bytt ut mo-filene i underkatalogen «LC_MESSAGES» i no-mappa
med mo-filene du lasta ned tidlegare.
- Du skal nå ha språkmappene «nb» (bokmål), «nn» (nynorsk),
«no» (nynorsk) i maskinen din.
- Start GIMP på nytt. Hjelper ikkje dette heller, må du be ein eller
annan om hjelp.
Denne metoden kan nyttast i alle dei tilfella der du ønskjer GIMP
på eit anna språk enn det maskinen din er sett opp med til vanleg, eller
dersom maskinen din bruker andre språkkoder enn dei som er brukte i GIMP
(og dei fleste andre program). Som oftast vil det likevel vere nok å
endre språkinnstillinga på maskinen, utan alt dette ekstraarbeidet.
Dagens tips på nynorsk
|
Feilen er nå retta opp. Rettleiinga gjeld
difor bare gamle utgåver av GIMP. |
Også i «Dagens tips» skapte språkkodene problem. Denne gongen både
på bokmål og nynorsk. Du finn ei rettleiing i avsnittet «Dagens
tips» på ei av dei andre sidene.
Ulike fagtermar
Bør vel her gjere merksam på at eg har brukt litt andre fagtermar i
nynorskutgåva enn det som er brukt på bokmål. Det er likevel arbeid på
gang for å samordna dette. Sjå meir om dette på sida om fagtermar.
|
|
|
|
|
|
 |
Hjelp
på norsk for GIMP 2.6 (komplett).
(Medan vi ventar på fullstendig versjon på docs.gimp.org/no) |
|
|
|
|
|