Tilbake til startsida

GIMP


 

 



Problemløysing i GIMP

Av og til hender uforklarelege ting. GIMP oppfører seg ikkje slik ein ønskjer. På denne sida vil eg prøve å berge deg ut av ein del av dei situasjonane eg kjenner til kan skape problem. GIMP er utvikla i Linux og fungerer stort sett bra i dette operativsystemet. Dei fleste problema oppstår når GIMP blir overført til Windows. Dette er ikkje bare utviklarane si skuld. Microsoft er svært lite hjelpsame med opplysningar om detaljar i operativsystemet sitt. Dermed kan det ta tid før ein finn omvegar.

bilde av filmappe
        Hjelp må ligge i denne mappa.

Hjelpsystemet i GIMP

GIMP har eit nokså godt utbygd hjelpsystem som mellom anna kan nåast ved å trykke på  F1 ,  Shift  +  F1  eller frå bildemenyen. Prøver du dette, kan det hende det dukkar opp ei melding om at hjelpfilene manglar, og at du difor må trykke på valet for å få hjelp direkte frå Internett. Dette fordi hjelpfilene ikkje følgjer med automatisk når du lastar ned GIMP. Ønskjer du å sjå på hjelpfilene utan å opna GIMP, finn du dei på sida http://gimp.org/docs/. Der klikkar du på eit av dei tilgjengelege språka.

Installere hjelpsidene

Ønskjer du å bruke hjelp utan å vere tilkopla Internett, må du laste ned hjelp på det ønskte språket frå eit stykke nede på sida http://gimp.org/downloads. Du må lagra filene ein stad der du finn dei igjen.

Finn fram til der du installerte GIMP på datamaskinen, og finn fram til mappa 2.0. Dersom du her ikkje finn mappa help må du lage ho. Stien fram til mappa kan sjå for eksempel slik ut:
[C: pil  Programfiler pil  GIMP-2.8] pil  GIMP 2 pil  gimp pil  2.0 pil  help pil 
Hakeparentesane [] er ikkje med. Dei markerer at denne delen av stien er maskinavhengig og kan sjå anleis ut på din maskin. Sjå også bildet til høgre.

Henter GIMP framleis hjelp frå Internett?

Er hjelpfilene lagt inn på rett plass, kan det hende du må GIMP er sett til å hente hjelp på Internett. Opna GIMP og finn fram til menyvalet Rediger pil Brukarinnstillingar. I det menyvindauget som kjem fram vel du «Hjelpsystemet». I ruta for brukarhandboka vel du «Bruk ein lokal installert kopi».
I det same vindauget kan du også velje om hjelpfilene skal opnast i GIMP nettlesar eller i Nettlesar. Vel du det siste alternativet, vil GIMP vise hjelpfilene i den nettlesaren som er sett opp som standard for datamaskinen.

brukarinnstillingar

GIMP er på engelsk

Kjem GIMP opp på engelsk sjølv om du har sett maskinen til norsk? Sjå innslaget «Skifte språk» i menyen til venstre.

Eldre versjonar, det vil seia før versjon 2.6, av GIMP har eit anna hjelpsystem. Difor kan metodane omtalt her ikkje brukast på desse. Det enklaste er då å ta i bruk siste versjon, for tida 2.8.16

Bokmål

Er maskinen din sett opp med eit anna språk enn nynorsk, vil du som oftast ikkje få hjelp på norsk. For å få inn hjelp på norsk på ein maskin sett opp med bokmål som hovudspråk, må du kanskje endre namnet på hjelpmappa frå «nn» til «nb». Bare for ordens skuld: hjelpteksten vil framleis vere på nynorsk. Ingen hjelpfiler finst på bokmål.

GIMP har endra oppførsel

Det hender at GIMP plutseleg oppfører seg anleis enn tidlegare. Dette er som oftast ikkje ein feil i GIMP, men at du har endra og lagra innstillingane. Gå då inn på menyen for brukarinnstillingane (Rediger pil Brukarinnstillingar) og gjer dei nødvendige endringane. Syt for å lagre dei.

Du kan også finne fram til brukarfila di i operativsystemet og slette innstillingane for GIMP der. I Windows 7 finn du mappa i C:Userspil [Brukarnamnet ditt]pil .gimp-2.6. I Windows XP i mappa C:Documents and settingspil [Brukarnamnet ditt]pil .gimp-2.6

Andre problem som kan oppstå når du bruker GIMP kan du kanskje finne svar på i hjelpfilene. Sjå kapittel 4: Når alt anna sviktar.


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 24. november 2015