|
|
Hovudsida
Tips om bruk
Hjelp på norsk
Installer hjelp
Bytte språk i GIMP
Om omsetjinga
Ordvala i GIMP
Tastesnarvegane
|
|
Installere hjelp
Sjå nedanfor korleis du kan få
hjelp for GIMP versjon 2.6
GIMP har eit nokså godt utbygd hjelpsystem som mellom anna kan
nåast ved å trykke på F1 eller
frå hovudmenyen. Når du laster ned GIMP følgjer ikkje hjelpfilene med
automatisk. Difor må du hente og installere desse sjølv. Du kan anten
gå til http://www.gimp.org og klikke
deg fram til filene, eller du kan gå direkte til t.d. ftp://ftp.gimp.org/pub/gimp/help/
eller http://docs.gimp.org/no/.
Frå versjon 2.6 kan du også få hjelp direkte frå Internett dersom
hjelp ikkje er installert i maskinen du bruker. Dette går automatisk.
For versjonar av GIMP før 2.6:
Det enklaste er å laste ned sidene til ein førebels
lagerplass i maskinen din. Bruk filhandteraren og klikk deg
deretter fram til du finn noe som liknar på det som er vist på
bildet til høgre. Som oftast finn du GIMP i katalogen
C:/programfiler.
Dersom mappa help manglar, må du lage denne. Du må
også ha ei av mappene nb eller nn. Kopier
deretter alle hjelpfilene, dei fleste med med «etternamnet»
.html, inn i t.d. nn. For å vere på den sikre sida, kan
du deretter kopiere mappa og gi kopien namnet nb. Dermed
skulle du få opp hjelp same kva variant av norsk maskinen er
sett til. Hugs også å kopiera over bileta til mappa images.
Når du opnar GIMP skal hjelp nå vere på plass.
Nedlastingane kan gjerast på fleire måtar og med ulike
resultat. Difor er dette ikkje nærare omtalt her. (I og med at
eg skriv filene sjølv, har eg aldri lasta dei ned.
Originalane får eg heim via helt andre nedlastingsformer). Det
viktige er å få nb/no med hjelpfilene og biletfilene (images).
Dette verkar i alle fall fint i min maskin, men i IKT-verda
bør ein vere forsiktig med å love meir enn ein er sikker på
å kunne halde.
Frå versjon 2.6 og utover:
Bildefilene ligg nå i språkmappa. Elles er prosedyren den
same som ovanfor.
Måten å kode hjelpfilene på blei forandra frå versjon
GIMP 2.6. Dette har ført til problem med å generere
html-filene, dvs. dei filene du lastar ned som hjelp. Til vi
får dei ulike konverteringsprogramma til å virke, kan du
førebels laste ned hjelp for GIMP 2.6 som ei zip-fil. (Ca. 29
Mb) eller i html-format som kan lesast i vanleg nettlesar.
Handboka blir stadig forandra/forbetra. Denne versjonen blir
ikkje oppdatert kvar dag, men nokså ofte. Sjå nedst på sida.
Det finst også ein PDF-versjon, men den er ikkje oppdatert
verken på engelsk eller andre språk på ei god stund.
|

|
| Dette problemet gjeld eldre versjonar
av GIMP. Det blei retta opp i versjon 2.6. |
Det er rapportert problem med å få fram dagens tips på
norsk, i alle fall på Windowsmaskiner. Eg har ikkje kontrollert
dette for alle maskiner, men i min Windows XP var problemet at
GIMP reknar med å finne språket no i tipsfila, men
sidan denne ikkje fanst, blei dagens tip på engelsk. Løysinga
var å lage to utgåver av tipsfila, ei med bokmål i no-taggane
og ei med nynorsk i dei same taggane.
- Last ned filene gimp-tips_no-nb.tip
(bokmål) og/eller gimp-tips_no-nn.tip
(nynorsk).
- Finn fram mappa tips
(sjå bildet til høgre)
- Dersom det finst ei tips-fil frå før, bør du gi denne
eit nytt namn, t.d. gimp-tips-gml.xml
- Kopier den fila du vil bruke over i mappa tips.
- Gi fila namnet gimp-tips.xml.
Nå skulle dagens tips vere på plass på norsk.
Fila gimp-tips.xml
inneheld også dei andre språka som
GIMP er omsett til. Fila bruker skriftformatet UTF-8, eit format
som Windows har problem med. Lagring frå Windows vil som oftast
øydelegge dette formatet, og fila vil ikkje bli funnen av GIMP.
Du må difor ha tilgang til program som kan lagra i UTF-8 dersom
du har planar om å gjere endringar i fila. Sjølvsagt kan du
sjå på fila utan å lagra, men det er ein risiko. Lag i det
minste ein kopi først.
|
 |
Historia bak hjelp på norsk
Det fanst ikkje hjelp på norsk til GIMP. Eingong på hausten 2004
begynte eg difor på ei omsetting av hjelp for GIMP 2.2 i html-format.
Nokså uvaska og med mange feil, både språklege og i høve til
funksjonane i GIMP. Eg rekna med å vere ferdig i løpet av vinteren.
Utpå sommaren 2005 blei heile strukturen i den originale utgåva av Hjelp
for GIMP bygd om. Det meste måtte difor skrivast om. Eg valde då
å skrive den nye versjonen i xml-kode i DocBook-format, som er
slik dei offisielle hjelpfilene for GIMP blir skrivne, og melde meg
samstundes inn i dokumentasjonsteamet. Ved hjelp av gode medhjelparar
der, kom dette arbeidet i gang våren 2006. Omsettingsarbeidet var
likevel mykje meir tidkrevjande enn eg hadde drøymd om på førehand.
Det var ikkje nok å skrive teksten om på norsk, men arbeidet måtte
kodast og verifiserast og godkjennast før den endelege versjonen blir
lagt ut på GIMP sine hjelpsider. Dermed heldt ikkje planen om å ha det
meste unnagjort innan utgangen av 2006. Fekk heller satse på å ha
det meste ferdig i løpet av 2007. Men så kom versjon 2.4 av GIMP i
oktober, og dermed måtte mykje skrivast om igjen. Hausten 2008 blei heile
systemet for omsettinga lagt om igjen. Dermed var det til å lære seg
alt frå botnen igjen. Diverre førte omlegginga til at fullversjonen av
Hjelp for GIMP
2.6 førebels bare er tilgjengeleg for dokumentasjonsteamet. Ikkje noe god
løysing! Den vanlege brukaren må greie seg med hjelpa som blei skriven
for GIMP 2.4. eller ein delvis omsett 2.6 versjon. Sjå likevel nedanfor.
Planen er at du alltid skal kunna henta heim den
nyaste versjonen av handboka på norsk ved å gå inn på
dokumentasjonssidene for GIMP på http://docs.gimp.org/no/
(vil truleg bli endra til http://docs.gimp.org/nn/
ved neste revisjon) eller ftp://ftp.gimp.org/pub/gimp/help/.
Dette fungerer ikkje for Hjelp for GIMP 2.6 førebels. Dokumenta som
ligg der er laga ved at det som var omsett for versjon 2.4 og passar for
versjon 2.6 er omsett, resten er på engelsk. Dette gjeld alle språk hjelp er skrive
på. Medan du ventar, kan du laste ned fullstendig hjelp for GIMP 2.6 frå
nedst på denne sida. Desse hjelpfilene er nå nokså nær slik dei blir
når denne versjonen av hjelp blir frigitt.
Skulle du slumpe til å bruke html-filene samstundes med at dei blir
oppdaterte kan det hende du får feilmeldingar om at bildet ikkje finst
el.l. Bare prøv ein gong til om ei lita stund.
Merknader?
Det har vore eit nokså omfattande arbeid å finne passande norske fagtermar for ein del av
funksjonane i GIMP. Mange av desse er nye, eller har fått nye
bruksområde, i høve til vanleg språkbruk. Dessutan er det slett ikkje
alltid at dei engelske orda er fulldekkande. Sjå meir om dette på sida
om fagtermar. Omsetjinga til nynorsk for
GIMP og hjelpfilene følgjer nokså nær tilrådingane frå
Linux-omsetjarane.
Sjølvsagt er eg svært interessert i tilbakemeldingar dersom du finn
feil, har ønskje om endringar osv. Det er bare å kontakte meg på
adressa nedst på sida.
Ferdig
Hjelpfilene for GIMP 2.6 er nå ferdig utvikla og omsette så langt
ein kan seie at eit slikt arbeid er ferdig. Den finpussinga som er igjen
vil vere lite merkande for den vanlege brukaren. Dei hjelpfilene du finn
under til høgre er såleis nokså nøye dei som vil bli lagt ut som den
offisielle handboka for GIMP. Når det skjer veit eg faktisk ikkje.
|
|