Hovudsida
Tips om bruk
Installer hjelp
Bytte språk i GIMP
Om omsetjinga
Ordvala i GIMP
Tastesnarvegane

Wilber ikon Litt fagprat

Småplukk om omsettinga

Hjelpsidene skal vere mest mogleg universelle med omsyn til operativsystem og nettlesarar. Dei skal også kunne visast både som HTML-kode og i PDF-format på alle kjente plattformer, og etter kvart vonleg på mange ulike språk. Dette har laga problem for dokumentasjonsteamet. I ein periode blei alle hjelpsidene skrivne i XML-kode under Docbook med skriftkoden UTF-8 i Unix-format. Ved hjelp av diverse program blei xml-kodene overførte til PDF og HTML. Sjølve layouten blir i nettlesaren definert med såkalla stilark. Desse blir definerte av dokumentasjonsteamet sentralt.

Sidan xml-filene inneheld kodane for alle språka hjelp var omsett til, blei noen av filene etter kvart svært store. Difor blei systemet lagt om for GIMP versjon 2.6. Nå blir dei ulike språka skrivne inn i eigne po-filer. Dette betyr at kvar gong det skjer forandringar i kjeldefilene, dvs. omlag dagleg, må eg først lage pot-filer med forandringane, og deretter oppdatere dei aktuelle norske po-filene frå pot-filene før eg kan køyre programmet som lager xml-filer frå po-filene. Desse xml-filene blir brukte for automatisk generering av html-filer og/eller pdf-filer. (Genereringa av pdf-filene verkar ikkje tilfredsstillande førebels. Programmerarane arbeider med saka). Heile vegen er det kontroll av om filene er i det rette formatet. Så lenge det ikkje er programfeil i filene fungerer systemet faktisk betre enn det kan høyrast ut her. Er eg uheldig og legg inn ein eller annan programfeil/skrivefeil, kan det vere litt av ein maratonjobb å finne feilen.

Det er denne prosessen med dei ulike filtypane som skapar vanskar for m.a. den norske omsetjinga. Eg arbeider i Windows medan resten av teamet bruker Linux/Unix. Windows (før Vista) har ikkje det same sofistikerte lenkesystemet for filer som Unix. Windows har også ein lei tendens til å legge inn sine eigne, skjulte koder. Alt dette skaper problem for samanflettinga av dei filene eg lagar med resten av systemet. Kanskje kurer du på kvifor eg ikkje skifter over til Linux? Eg har rett og slett ikkje tid til å setje meg inn i eit nytt operativsystem. Kanskje ei dårleg orsaking sidan eg etter kvart er blitt ganske godt kjend med  Linux også. Arbeider faktisk nokså mykje på eit program som emulerer Linux i Windows. På den andre sida er det greitt at teamet også får tilbakemeldingar om at det faktisk finst noen som brukar Windows.

Då hjelpfilene blei lagt inn første gongen for fleire år sidan, var språkkoden for norsk «no». Dette er nå forandra slik at språkkodene for norsk er «nb» (bokmål) og «no» (nynorsk). «no» er koden for Noreg. Sjølvsagt vil GIMP rette seg etter dette. Hjelp for GIMP vil difor etter kvart (frå v. 2.6) bli å finne under «nn». Mappa «no» blir fjerna. Skulle noen ein gong i framtida omsetje hjelp til bokmål, vil (bør) dette bli lagt på «nb».

Internet Explorer

Det meste innan GIMP er utvikla innan Linux-/Unix-miljøet. Dette betyr mellom anna at utviklarane nokså nøye følgjer diverse standardar for koding av stoff som skal lesast på dataskjermen. Microsoft har ein tendens til å lage sine eigne koder, og å ignorera andre sine. Dermed blir ikkje layouten vist slik den var tenkt å vere dersom du bruker IE. Etter det eg har forstått, er dette i alle fall tatt delvis omsyn til i den nye utgåva av hjelp for GIMP.

Eit anna, og i denne samanhengen viktigare problem er at IE eldre enn versjon 7  ikkje har full støtte for biletformatet png, som blir brukt i handboka. Dermed vil ikkje alle eksempla bli så gode som dei burde vere når du bruker ein gammal IE. Dersom du les denne sida i IE, vil bakgrunnen for Wilber (GIMP-logoen) bli vist som grå dersom lesaren ikkje har støtte for gjennomsikt i png. Skift i tilfelle til nyare versjon.

Gimp er internasjonal!

Dei som hjelper meg mest med omsettinga og kodinga er Roman, Alex og Ulf frå Tyskland og Julien i Frankrike. Dessutan har eg hatt god hjelp av Nickolay frå Russland når det gjeld å finne ut av det indre livet til dei ulike programma som blir brukte i arbeidet. Amerikanske Sally har hjelpt til med definisjonar av spesielle uttrykk. Ingen av desse kan norsk, så finn du språkfeil må du skulda på meg. Ville vere fint om du i tilfelle sende meg noen ord.

      

GIMP logo
(Eitt av bakgrunnsbilda for Hjelp -> Om)


 
Wilber ikon Gå til norsk hjelp for GIMP (ufullstendig)
Wilber ikon Gå til heimesidene for GIMP
Wilber ikon  Norsk forum for GIMP
 Prøv gimp.no

 

 

 

 

 

Wilber ikon Hjelp på norsk for GIMP 2.6
(Medan vi ventar på fullstendig versjon på docs.gimp.org/no)
 

Tips: Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Gjer bildet skarpare | Slanking |
| Fagtermar | Snarvegtastar |
| Framsida | Om hjelp | Skifte språk |