Tilbake til startsida

GIMP


 

 


 

Laste ned og installere GIMP

Du vil finne siste versjon av GIMP og Hjelp for GIMP på www.gimp.org/downloads/.

Bruker du Linux eller andre, liknande operativsystem, må du gå eit stykke ned på sida og finne dei aktuelle filene. Installeringa skal vere uproblematisk, men måten å gjere det på er avhengig av kva operativsystem og utgåve maskinen er sett opp med.
På denne sida kan du også finne Linuxfiler (tar.bzz) for det som skal bli neste versjon av GIMP.

Bruker du Windows, klikker du på «Download GIMP x.y.z» der bokstavane representerer versjonsnummeret. Dette vil laste ned installeren for GIMP. Når du starter denne, vil GIMP bli installert på vanleg måte i maskinen. Svar ja eller tilsvarande på alle spørsmåla som dukkar opp. Skulle det bli behov for endringar, kan du gjere desse seinare.
Som regel er det ikkje råd å laste ned utviklingsversjonar i Windows. Då må du bruke Linux.

Av og til finn ikkje GIMP ut at maskinen er sett opp med norsk som språk. Menyane kjem då på engelsk. For å rette på dette, kan du sjå innom menyvalet «Førstehjelp».

Laste ned og installere Hjelp for GIMP

Hjelpfilene for GIMP er nokså store. Kvar språkversjon er på ca. 25 Mb. Difor blir GIMP installert utan hjelpfilene. I staden blir desse filene henta frå Internett når det er bruk for dei. Mange ønskjer, av ulike grunnar, å ha hjelp på harddisken i staden. Dette er sjølvsagt mogleg.

Gå inn på lenka som er nemnd ovanfor og finn fram til avsnittet «GIMP User Manual». Når du klikker på eitt av språka, vil dette språket bli lasta ned i form av eit installasjonsprogram. Køyr dette og hjelpfilene er på plass. Skulle du få problem, kikk innom menyvalet «Førstehjelp».

For den som undrast: Norsk hjelp finst bare på nynorsk.

Hjelpsystemet i GIMP blei forandra frå versjon 2.6. Ønskjer du hjelp for eldre versjonar, last desse ned frå gimp.org. (Sjå menyvalet «Førstehjelp»).


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 24. november 2015