Val av program
- Har du til tider drøymt om eit skikkeleg bildebehandlingsprogram?
- Ønskjer du deg eit program som kan gjere meir enn den «gratis»
programvaren du får når du kjøper fotoutstyr?
- Er du såpass avansert at du har begynt å spare til PhotoShop
eller eit anna profesjonelt program?
Svarer du ja på desse spørsmåla, er du tydelegvis ikkje klar over
bildebehandlingsprogrammet GIMP. Med GIMP kan du gjere det
aller meste du måtte ha bruk for av bilderedigering. I tillegg mange
ting du aldri har tenkt på. Prisen er det heller ikkje avskrekkande. GIMP
er ein del av den veksande gruppa gratisprogram med open kjeldekode som
kan brukast gratis av alle. Det kostar bare litt tid til nedlasting frå
http://www.gimp.org/downloads/.
GIMP kan brukast til det aller meste innan bildebehandling.
Programmet er best på rein bildemanipulering, godt brukbart for å lage
eigne bilde, og minst eigna til vektorgrafikk.
GIMP finst på 131 ulike språk (november 2015), også bokmål og nynorsk.
Hjelp for GIMP finst på 16 språk, mellom anna nynorsk. Dokumentasjonen er
ikkje omsett til bokmål.
Installere GIMP
GIMP blir installert på same måten som du gjer med andre program. Last ned GIMP frå
www.gimp.org/downloads/.
Sjå etter at du får versjonen som passar operativsystemet du brukar.
Hjelp på norsk
Når du installerer GIMP er hjelpsystemet ikkje med i oppsettet. Du kan bruke hjelp
direkte frå nettet, men som oftast er det enklast å legge hjelpfilene inn i maskinen.
Hjelpfilene finn du litt nede på same sida som du lasta ned GIMP frå. Klikk på hjelpfila
i det språket du ønskjer. Dersom filene ikkje blir lagt inn automatisk, må du gjere det manuelt.
Kopier filene over i mappa
GIMP
share
gimp
2.0
help.
(Dersom mappa «help» manglar, må du lage ho). (I GIMP opp til og med verson 2.4 må du
i tillegg syte for å få med bildefilene, men kvifor bruke ein så gammal versjon. Sjå
i tilfelle i menyinnslaget «Førstehjelp»).
Kome i gang
GIMP er eit nokså avansert program. Sjølv om utviklarane stendig prøver å
forbetre GIMP og gjere det meire brukarvenleg, er inngangsterskelen framleis
i høgste laget. Dette betyr at du må arbeide litt
for å få tak i korleis du best kan gjere deg nytte av programmet. (GIMP
er likevel svært enkel i bruk samanlikna med t.d. PhotoShop, om
det kan trøyste nokon). Bruker du ei lita kveldsstund på å leike litt
rundt med eigne foto i GIMP, vil du truleg kunne ende opp med
nokså avanserte bilde innan kvelden er slutt. Sjølvsagt vil eg
tilrå at du bruker Hjelp ikkje bare når alt anna sviktar. Handboka er
utruleg informativ.
Det finst også mange innføringar i GIMP på internett, men dei er stort sett
på engelsk. Søk på «gimp innføring», «gimp tutorials» eller liknande på nettet.
GIMP er under stendig utvikling. Sidan programmet er gratis, er det
ingen grunn til å arbeide med anna enn siste versjon.
Tilbakemeldingar
Sjølvsagt er eg interessert i tilbakemeldingar frå brukarane,
særleg om du finn store eller små feil i språkbruken. Bruk i tilfelle
knappen «Send melding» nede til høgre på denne sida. Der
terminologien på nynorsk skil seg ut frå den på bokmål, har eg vore
i kontakt med diverse faginstitusjonar og språkfolk, og sjølv om eg
har vore nokså flink til å følgje råda, har eg gjort mange av vala
etter eige skjønn. Likevel kan andre ha heilt andre meiningar om
ordvala mine. Eg er ikkje språkfilolog, men ein nokså praktisk
orientert realist med interesse for godt verktøy i alle situasjonar,
også når det gjeld språk.
 |
Gå til nettsidene for GIMP |
 |
Diverre er den norske brukarsida for GIMP lagt ned. |
|
|