Val av program
- Har du til tider drøymt om eit skikkeleg bildebehandlingsprogram?
- Ønskjer du deg eit program som kan gjere meir enn den «gratis»
programvaren du får når du kjøper fotoutstyr?
- Er du såpass avansert at du har begynt å spare til PhotoShop
eller eit anna profesjonelt program?
Svarer du ja på desse spørsmåla, er du tydelegvis ikkje klar over
bildebehandlingsprogrammet GIMP. Med GIMP kan du gjere det
aller meste du måtte ha bruk for av bilderedigering. I tillegg mange
ting du aldri har tenkt på. Prisen er det heller ikkje avskrekkande. GIMP
er ein del av den veksande gruppa gratisprogram med open kjeldekode som
kan brukast gratis av alle. Det kostar bare litt tid til nedlasting frå
http://www.gimp.org eller andre stader
du måtte finna det.
GIMP kan brukast til det aller meste innan bildebehandling.
Programmet er best på rein bildemanipulering, godt brukbart for å lage
eigne bilde, minst eigna til vektorgrafikk. Sjå innhaldslista i
Hjelp-filene. (Link nedst på sida).
GIMP finst på svært mange språk, også bokmål og nynorsk.
Hjelp for GIMP finst førebels nokså komplett på norsk,
engelsk, fransk, italiensk, spansk og tysk. Dessutan er større eller
mindre delar omsett til andre språk, derimellom svensk.
Å installere og bruke GIMP er like lett som tilsvarande
prosessar for andre program du måtte ha i maskinen din. At GIMP
har open kjeldekode betyr bare at dei med spesiell interesse for
programmering kan gå inn og forbetra programmet. Folk flest bruker
programmet utan å tenke særleg på korleis det verkar eller er bygd
opp.
Hjelp på norsk
Du finn den nyaste utgåva av hjelp på norsk som html-filer på http://docs.gimp.org/no/.
Ei utgåve i pdf-format er under arbeid, men er førebels nokså
uferdig. Fagtermane på nynorsk følgjer nokså nøye tilrådingane frå
omsetjargruppa for Linux, og er ikkje alltid heilt like dei som er
brukte på bokmål. Arbeidet med samordninga er i gang, men ting tar som
kjent tid, i alle fall når framdrifta er avhengig av kor mykje fritid
dei involverte kan bruke på dette. Du finn meir om dette på (den litt
forelda) sida om fagtermar.
Å installere hjelp
Last ned den norske html-versjonen frå http://docs.gimp.org/no/
til mappa Gimp share gimp 2.0
help. (Dersom
mappa «help» manglar, må du lage denne). I GIMP opp til og med verson
2.4 må du i tillegg syte for å få med bildefilene. Du finn ei meir
detaljert oppskrift på Innstallere hjelp.
Framdrift
Hjelp for GIMP versjon 2.4 er ferdig omsett og vil ikkje bli
arbeidd vidare på.
Hjelp for GIMP 2.6 blir oppdatert nesten dagleg, men diverre bare intern
i dokumentasjonsteamet.Vi måtte bytte program for
å skrive hjelpfilene. Filene blei rett og slett for store for det gamle systemet.
Førebels har vi ikkje greidd å samordne det nye systemet med det gamle for
å få laga dei html-filene som du kan laste ned som «Hjelp for GIMP». Programmerarane
arbeider med saka og vonleg får vi orden på dette i løpet av hausten 2009.
Inntil dess har eg lagt ut dei norske html-filene separat. Dei einaste komplette og
oppdaterte filene for Hjelp for GIMP tilgjengelege for alle er såleis dei norske.
Sjå nedst på sida.
Ulemper?
Sjølv om versjon 2.6 av GIMP er forbetra i så måte, er
likevel inngangsterskelen noe høg. Dette betyr at du må arbeide litt
for å få tak i korleis du best kan gjere deg nytte av programmet. (GIMP
er likevel svært enkel i bruk samanlikna med t.d. PhotoShop, om
det kan trøyste noen). Bruker du ei lita kveldsstund på å leike litt
rundt med eigne foto i GIMP, vil du truleg kunne ende opp med
nokså avanserte bilde innan kvelden er slutt. Sjølvsagt vil eg
tilrå at du bruker Hjelp ikkje bare når alt anna sviktar. Handboka er
utruleg informativ.
GIMP er under stendig utvikling. Sidan programmet er gratis, er det
ingen grunn til å arbeide med anna enn siste versjon.
Tilbakemeldingar
Sjølvsagt er eg interessert i tilbakemeldingar frå brukarane,
særleg om du finn store eller små feil i språkbruken. Der
terminologien på nynorsk skil seg ut frå den på bokmål, har eg vore
i kontakt med diverse faginstitusjonar og språkfolk, og sjølv om eg
har vore nokså flink til å følgje råda, har eg gjort mange av vala
etter eige skjønn. Likevel kan andre ha heilt andre meiningar om
ordvala mine. Eg er ikkje språkfilolog, men ein nokså praktisk
orientert realist med interesse for godt verktøy i alle situasjonar,
også når det gjeld språk.
|
|
|
|
|
Hjelp for GIMP 2.6 og høgare
Medan vi ventar på den offisielle nedlastina |
 |
Hjelp
på norsk for GIMP 2.6 |
|
|