Dette filteret gir same effekten som dei konsentriske ringane du får når du kastar ein stein i stille vatn.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Du kan slå av førehandsvisinga dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider svært tregt.
Smør ut: Dei tomme områda blir fylt med kopiar av omliggande pikslar. Fargane blir smurde utover.
Svert: Dei tomme områda blir fylt med svart farge.
Gjer at bølgjer som treff kantane blir reflekterte og interfererer med motgåande bølgjer.
Amplitude er det same som bølgjehøgde.
Denne glidebrytaren bestemmer kva fase bølgja skal byrje med i sentrum av effekten. Bølgjefasen kan vere bølgjetoppen, botnen av bølgja eller ein stad mellom desse.
Dette er det same som avstanden mellom bølgjetoppane.