10.12. Oljemaling

10.12.1. Oversyn

Figur 16.206. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «oljemaling»


Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet blir nokså likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret skal bruke med kommandoen Penselbreidde.

[Tips] Tips

Ønskjer du meir kontroll med korleis «oljemalieriet» skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar.

10.12.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskOljemaling

10.12.3. Innstillingar

Figur 16.207. Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Innstillingane for filteret «Oljemaling»

Penselbreidde

Med denne glidebrytaren bestemmer du kor grov pensel du vil bruke. Ein brei pensel gir ein meir «maleriliknande» utsjånad.

Bruk intensitetsalgoritme

Dersom denne er aktivisert, vil biletdetaljane og fargane bli meir likt originalbiletet.